ROLF NESHEIM

Rolf er 5. kandidat for Venstre til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Rolf Nesheim

Foto: Marta Kvikne

Eg heiter Rolf Nesheim, er født i 1960, og er no busett med sambuar på Seim i Lindås kommune. Tre vakse barne har eg og. Til dagleg er eg arbeidande styreleiar i Walde Gruppen AS, morselskapet til mange ulike selskap som leverer alt frå spikar til nøkkelferdige leilegheiter i Hordaland.

Eg vil på fylkestinget for å gjere det enklare å kome fram på vegane, og å betre luftkvaliteten for ungane våre. Då må vi satse monaleg meir på utbygging av vegnettet og syte for at folk ser at kollektivtrafikk er eit reelt val for dei. Kyststamvegen er einaste vegsambandet Venstre har prioritert i vårt stortingsvalprogram. For meg som nordhordlending er det særs viktig å følgje opp Nyborgtunnelen og kollektivtrafikken med hyppigare avgangar, at bussane korresponderer, båtbuss og betre parkeringstilhøve kring kollektivknutepunkta.

Kabling av kraftlinene mellom Mongstad og Kollsnes er og ei sak eg brenn for. Forutan er det naturleg at eg følgjer opp andre saker som er viktige for Nordhordland anten det er næringsutvikling, det vidaregåande skuletilbodet eller andre forhold.

Eg er oppvaksen på Askøy der eg budde på Ramsøy, Davanger, Hanøy, Kleppestø og Florvåg. Den gong spelte eg fotball for Apollo, Vestsiden og til sist Kleppestø. Etter at eg tok hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitenskap på "Hauen" førte arbeid meg til Leikanger og Sogn og Fjordane fylkeskommune før eg i 2004 tok til i grupperinga av selskap eg no er medeigar i saman med bror min.

Politisk røynsle har eg fått gjennom vervet som ordførar i Leikanger, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane og fylkesleiar for Sogn og Fjordane Venstre. No er eg lokallagsleiar i Lindås Venstre og medlem av fylkesstyret i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**