Kven er Bjørn Wang?

Bjørn Wang er nyvald leiar, listetopp og ordførarkandidat for Midsund Venstre. Les meir og bli litt betre kjent med han som kan bli vår neste ordførar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Bjørn Wang er 40 år og oppvaksen i Indre Troms, han har maritim utdanning og meir enn 10 års yrkesbakgrunn som offiser i Kystvakta. I dag arbeider han som HMS-rådgivar i Linjebygg Offshore i Molde, og er dermed ein av 156 Midsundingar (ifølgje Romsdals Budstikke) som pendlar til arbeid i Molde.

Bjørn Wang

Foto: Bjørn Wang

– Kvifor flytte til Klauset, kvifor ikkje busetje seg på fastlandet, eller i det minste litt meir sentralt i Midsund (i den grad noko er sentralt i Midsund)?

– Eg og sambuaren er glade i dyr og natur, dermed blir det naturleg å bu usentralt. Avstanden til Molde er ikkje særleg stor, vi synest det er betre å bu i Midsund enn i ein by.

– Så til det politiske; kvifor Venstre og kvifor engasjere seg såpass sterkt i lokalpolitikken?

– Venstre er partiet som best kombinerer verdien av naturen med fornuftig næringspolitikk og brubygging mellom ulike kulturar. Små og mellomstore bedrifter er ryggrada i AS Norge, spesielt på mindre stader er det viktig at dei får gode vilkår. Eg er ein person som likar utfordringar, dermed svarte eg ja då eg blei spurt om å stille som ordførarkandidat for Venstre i Midsund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**