Lokalpolitikk – Busstilbud

Venstre vil – Eit betre kollektivtilbod, no! Askøy har i dag omlag 25 000 innbyggarar. Vi er ein ung kommune på fleire arenaer. Ikkje berre har vi stor befolkningstilflytting, men også en ganske ung befolkning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Buss til Fjellfoten

Foto: Sesselja Bigseth

Da er det rart, for ikkje seie ein tragedie at vi fortsett har hatt det same kollektivtilbodet i lengre tid enn det mange kan hugse. Askøy Venstre meiner tida er overmoden for og krevje at Askøy må få meir av kollektivpengane i fylkeskommunen.

I dag er situasjonen slik at Askøyværingar til tider opplev å ha problem med trafikkvekslinga over brua til og frå Bergen. Det krev nye løysingar som kjem den jamne Askøyværing til gode. Eit godt kollektivtilbod er ikkje berre bra for dei unge, dei som ikkje har råd til bil, eller eldre. Det er også ein viktig del av løysinga for god trafikk avvikling men og nødvendig å ha når ein ikkje kan køyre sin eigen bil. Også er det eit godt miljøtiltak, men det skal vi la være å drøfte i denne samanhengen.

Situasjonen i dag er slik at bussane er overfylte i travle periodar, siste bussen går til Askøy tidlig frå Bergen og motsett. Det er for få avgangar i rushtida, og gamle rutar gjer det stort sett ineffektivt å reise med buss. For ikkje å nemna rutetilbodet i helgane, og for den slags skyld, heilagdagane. Busetjingsmønstra på Askøy har endra seg mykje, og fleire store felt har kommen til. Som på Tveit og Stongafjellet. Desse bustad felta ligg i dag til dels langt unna eksisterande rutetilbod. Noko som gjer bil til eit nødvendig transportmiddel. Dette er nokre problemstillingar som krev ein god løysing, ein løysing for framtida.

Skyss har i dag ansvaret for all kollektivtrafikk i Hordaland. Askøy Kommune har berre ei rådførande rolle og mindre å seie. Askøy Venstre håpar likevel at Skyss vil høyre på kommunen om den fremmer forslag for eit betre tilbod. Dei styrande maktar ser ikkje ut til å ha brydd seg nemneverdig om buss eller båt tilbodet på Askøy, og kollektivtilbodet latar meir til å leve sitt eige liv.
Dette er noko Askøy Venstre vil ta tak i, og vil anten, saman med kommunen, eller som eit innbyggjar iniativ, fremme forslag for eit betre kollektivtilbod.

Mvh
Arild Raftvoll
Askøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**