Ny kraftlinje gjennom Hardanger gjev ikkje auka kapasitet i Bergensområdet

Dette enkle faktum har ikkje ein gong leiaren i Bergen AP fått med seg. I motsetnad til sine partikollegaer i statsapparatet i Oslo, bør ho kjenne den lokale geografien betre. Som lokalpolitikar med meiningar i energispørsmål bør ho og kjenne definisjonen av Bergensregionen, eller Bergenssnittet, som det og vert kalla i ekspertutvala sine rapportar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona Hellesnes

Foto: Facebook

Regjeringa, og no Bergen AP (innlegg i BT 6. mars), si hovudgrunngjeving for å bygge ei 90 km lang kraftlinje i luftspenn frå Simadal i Eidfjord til Samnanger er framleis forsyningstryggleiken til Bergensregionen. Dette var og hovudgrunngjevinga då olje- og energiministeren stadfesta konsesjonsvedtaket av 2. juli i fjor. Til tross for at mange har synleggjort den manglande samanhengen mellom ny linje til Samnanger og Bergensregionen har regjeringa vald å oversjå dette poenget. Rapportane frå ekspertutvala peikar på det faktum at "problemet i dag er kapasiteten på linjene inn til Bergen, og den konsesjongitte luftlinjen bidrar ikke her til økt effektkapasitet" (sitat utval 4). Frå same utval kan vi vidare lese
"Bergenssnittet får akseptabel forsyningsikkerhet først når planlagt linje Modalen-Mongstad-Kollsnes er ferdig i 2016".

Dette har dei fleste partia i Bergen bystyre, og ikkje minst lokalpolitikarane i Nordhordland forstått. Det har kome konstruktive framlegg til korleis ein kan få ei uproblematisk løysing for linja i Nordhordland, innanfor tidsråma og til ein akseptabel pris. Der vil det og vere relevant å be den store forbrukaren Troll A, om å ta sin del av anleggskostnadane slik at meirkostnaden ikkje vert belasta landbasert industri og hushaldningar. Og Bergensregionen får akseptabel forsyningstryggleik utan ei forhasta utbygging gjennom Hardanger.

Julie Andersland

Foto: Tor Blaha

Marte Mjøs Persen er og uroa for høge strømprisar i regionen. Dei som har vore i fjella i Hordaland vinterstid undrar seg stort over påstandane om at det vert lågare strømprisar med ei ny linje ut av regionen. Rekordlite vatn i magasina kombinert med betre tilgang til ein særs interessant europeisk energimarknad gjer det uforståeleg korleis dette skal føre til lågare strømprisar.

Ingen er usamde i at vi skal nytte ressursane våre til beste for innbyggarar, næringsliv og utvikling her vest. Det har dei siste seks åra vore peika på fleire gode, framtidsretta løysingar for å få dette til, som og tek i vare dei verdiane og ressursane Hardanger representerar både for lokalbefolkninga, for resten av Vestlandet og nasjonalt. Avgjerda om luftspenn gjennom Hardanger vil bli ståande som ei lite framtidsretta løysing og ei nasjonal overkjøring av ein heil region.

Mona Haugland Hellesnes
Ordførar i Ulvik og Venstre sin 1. kandidat til fylkestinget

Julie Andersland
1. kandidat for Bergen Venstre

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I BT 13. MARS

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**