Venstre stiller liste i Eidfjord

Valet i Eidfjord vert historisk i år, i alle fall på ein måte. Venstre stiller liste. Det er eit ungt lag styremedlem i Hordaland Venstre, Sverre Kleivkås har fått på lista til kommunestyrevalet i Eidfjord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Sist landets eldste parti stilte liste i kommunen, var i 1987. Berre to av dei som stod på lista den gongen, er i Eidfjord i dag.

Berre nye namn

Den nye lista består berre av nye namn. På toppen tronar Tonni Dehli og Izabell Ruud Gasowski som også er førehandskumulerte. Dehli er også den nest eldste på lista. Han fyller femti rett før valet.

– Bakgrunnen for lista kjem frå Odd Einar Dørum og Venstre sentralt, seier Kleivkås, som har teke utfordringa om å få på plass ei venstreliste i kraftkommunen.

Målet er å koma inn, og fyrstemann på lista er sjølvsagt ordførarkandidat. Før dei vil seia for mykje om programmet, skal dei halda eit møte den 18. april.

Ungdom og næring

Men begge toppkandidatane er opptekne av at dei unge skal koma heim att og busetja seg i Eidfjord.

Då må kommunen få på plass husvære som kan leigast ut, slik at dei som antan kjem heim eller flyttar hit, får tid til både å finna ut om dei trivest, men også å områ seg så dei får bygt noko sjølv.

Det er noko som manglar i dag, meiner dei, og understrekar at slike husvære må vera rimelege å leiga. Når det gjeld næringsutvikling, vil dei ikkje påstå at dei sit med fasiten, fordi det er eit svært vanskeleg tema. Men om Eidfjord Utvikling er det einaste rette eller om det kan finnast andre alternativ, vil dei sjå nærare på.

Reiseliv

Begge listetoppane arbeider i reiselivsnæringa. Tonni Dehli driv Måbødalen Camping. Det haar han gjort sidan 2008 saman med Møyfrid Solbakken Ramsdal, som står på åttande og sisteplass på lista.

Izabell Ruud Gasowski med polskklingande namn, kom til Eidfjord som trettenåring. Ho kjenner seg som fullverdig innbyggjar, sjølv om ho har vore ute og teke noko utdanning. Izabell arbeider med booking på Quality Resort & Hotel Vøringfoss, og ventar på at det snart skal opna dørene att.

Frå Ap til Høgre

Dei andre på lista er fylgjande: Hallvard Herland, Tone Anita Lund Garen, Håvar Weum, Mona Helle Lægreid og Knut Endre Låte.

I fylgje rådmann Aud Opheim Lygre var det levert inn tre lister torsdag føremiddag. Det var Senterpartiet og Arbeiderpartiet i tillegg til Venstre..

Fredag fekk HF stadfesta at det er levert inn fem lister i Eidfjord.I tillegg til dei nemnde, vart det levert liste frå Eidfjord Høgre og Tverrpolitisk Bygdeliste før fristen gjekk ut. Knut Johan Medhus, som nett har meldt seg ut av AP, toppar Høgrelista og satsar på å verta ordførar.

Saka stod på Hardanger Folkeblads nettsider 1. april 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**