Kvinnekamp på ville vegar

Venstre har i mange generasjonar vore ein pådrivar i kampen for at kvinner og menn skal handsamast likt. Men kvifor drive kvinnekamp for kvinnekampen si eiga skuld? Forslaget om kjønnskvotering i aksjeselskap er eit døme på det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trond Gullaksen

Sett med Venstre-auge er det viktig å reflektere over kor detaljert staten skal påverke styringa av norske bedrifter. I denne debatten har artikkelforfattarane, ein ung kvinneleg student og ein godt voksen bedriftsleiar, funne kvarandre. Vi som er liberale Venstre-folk legg vekt på å ha to tankar i hovudet samstundes. Vi ønskjer likskap, samstundes som alle skal ha størst mogleg fridom og kunne bestemme over eigne liv.

Vi jobbar for eit liberalt, borgarleg fleirtal ved kommunevalet til hausten — uten kvotering i byrådet.

Likskap
Venstre har alltid vore ein pådriver i kampen for like rettar. Då partiet i 1898 oppnådde grunnlovsfleirtal, vedtok Stortinget å innføre allmenn røysterett for menn. Kvinner frå borgarskapet og middelklassen — med ein viss inntekt — kunne røyste for første gong i 1909, og i 1913 fekk kvinner røysterett på same vilkår som menn.

Partiet vårt har ei stolt historie når det gjeld kvinnekamp. Allereie i 1883 blei Anne Eggen valt til første formann i ei venstreforeining, og Anna Georgine Rogstad (1854—1938) frå Frisinnede Venstre var den første kvinna som tok sete på Stortinget. Det skjedde i 1911, altså to år før kvinner fekk allmenn røysterett.

Anno 2011 er det jentene som får best karakterar i alle fag, og det er flest kvinnelege studentar. I neste generasjon er det kvinner som kjem til å sitte i førarsetet som legar, professorar og advokatar. I politikken gjer dei det allereie, både lokalt i Bergen og som partileiarar, og Venstre har ei stortingsgruppe som utelukkande er sett saman av kvinner. Med andre ord: kvinnekampen, som har gått føre seg i over hundre år, har vore usedvanleg vellukka i Noreg.

Detaljstyring
Frå 2004 ble reglane for samansetjing i ASA-styre endra. Blant styremedlemmene i desse selskapa skal det vere eit minimum av kvart kjønn, tilnærma 40 %. Eit ASA (allmennaksjeselskap) har som oftast mange eigarar, og aksjene kan normalt teiknast eller seljast til alle og einkvar. Kjønnskvoteringen i ASA-styrene kan derfor forsvarast fordi dette er selskap som omset eigarandelane mot allmennta — ofte på børs.

Men ein må likevel spørje om det ikkje fins grenser for staten si detaljstyring av norske bedrifter. Ein av konsekvensane har vore at talet på ASA har falt markant sia loven blei innført, og svært mange av dei som har endra selskapsform, oppgir at kjønnskvoteringen påverka avgjeringa. Paradoksalt nok er det blitt færre styreplassar å «slåst» om etter at lova ble innført.
Nyordninga har òg skapt eit nytt lag av «styrebaronesser» som kjem i tillegg til alle «styrebaronane». Talet på kvinner treng jo ikkje å auka for at prosentdelen kvinner skal gå opp, all den tid vi har så mange Tordenskjolds soldatar av begge kjønn. Men vi oppnår jo at Norge framstår som eit foregangsland

Hanne Kvilhaugsvik

8. mars, sjølvsagt, opna statssekretær Rikke Lind (Ap) i Nærings- og handelsdepartementet for kjønnskvotering også i vanlege aksjeselskap. Ho grunnga det med at kvinner berre har 17 prosent av styreplassane og at sju av ti AS har styre som berre er sett saman av menn. «Her er det stillstand, og vi må vurdere å gjere noko for å komme vidare», sa ho til Bergens Tidende.

Forskjellen mellom eit ASA og eit AS er enorm, noko tydelegvis ikkje alle politikarar og statssekretærar er klar over. I eit allmennaksjeselskap kan aksjer normalt teiknast av alle og enkvar. I eit vanleg AS kan éin person vere ansvarleg for heile aksjekapitalen. «Å komme vidare», som Rikke Lind seier, tyder altså å tvinge personar inn i styre der gjerne éi kvinne eller éin mann har satsa alle sparepengane sine og pantsatt hus og heim for å starte ei verksemd.

Blindspor
Vi nemnte innleiingsvis like rettar. Eit godt døme på korleis fleire kvinner kan få moglegheit til å ta ulike styreverv, er barnehagar med gode opningstider, kveld og natt. Dermed kan kvinner og menn som ikkje har slekt og venner som heile tida kan stille opp, påta seg slike verv. For kva hjelp det med styreplass når du har små ungar og ingen barnevakt?

Kvotering, derimot, er eit blindspor. Kvifor ikkje også kvotere inn nynorskfolk og venstrehendte? Latterleg? Sjølvsagt, det er like latterleg som kvotering i styre der ein privatperson eig bedrifta. Dette forslaget viser at delar av kvinnekampen har vippa over i det parodiske. Når alle posisjonar er inntatt, ønskjer Arbeiderpartiets Rikke Lind og andre å blande inn kvotering i strengt private tilhøve.

Kanskje det er på tide at kampen heretter dreier seg meir om solidaritet med kvinner som verkelig må slåst for likeverd — til dømes i muslimske samfunn?

Hanne Kvilhaugsvik
Leiar Bergen Unge Venstre og nummer 9 på Venstre si liste til kommunevalet

Trond Gullaksen
Direktør i Optimum ASA og nummer 44 på Venstre si liste til kommunevalet.

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I BT 27. APRIL

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**