Stord Sjukehus inn i Helse Hordaland!

Dette handlar mest om at me som er tilknytta Stord Sjukehus skal ha fødsels- og akuttenestar, anestesi, røntgen, laboratorium, indremedisinske tilbod og generelle kirurgiske tenestar. Slik at me kan føla oss trygge på at me vert tatt vare på når situasjonar oppstår. Helse Fonna har store problem og er ikkje levedyktig, Venstres løysing er eit Helse Hordaland!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ja til Stord Sjukehus inn i Helse Hordaland

Stord Venstre vil styrka lokalsjukehusa, og me foreslår difor at alle fylkets lokalsjukehus samlast i eit nytt Helse Hordaland HF.

Stord Sjukehus må få ei eiga leiing som har Stord Sjukehus sitt beste i tankane, ikkje eit styre som sit i Haugesund og ikkje lyttar til dei ansatte, fagpersonale, tillitsvalde og bebuarane på Stord. Dette er eit problem idag, og slik skal det ikkje vera. Voss Sjukehus som er knytta til Helse Bergen har eiga leiing, sjølv om dei er eit mindre sjukehus. Voss Sjukehus får overført arbeidsplassar og

Medisin, helse

Foto: Microsoft

oppgåver frå Haukeland, medan på Stord Sjukehus så vert det tatt i frå oss. Dette vil me i Venstre gjera noko med. Det skal fortsatt vera eit lokalsjukehus på Stord!

Ved at Stord sjukehus er knytta mot Universitetssjukehusa, og at dei får eit fadderansvar ovanfor lokalsjukehusa. Og om mogleg legg ut egna sentraliserte funksjonar til ulike lokalsjukehus. For Stord tydar dette at ein får ei oversiktleg situasjon for alle som bur i Sunnhordland, og at ein vil få meir tryggleik for alle. At me kan bidra til naudsynt avlasting av universitetssjukehusa og samstundes sikra levedyktige fagmiljø ved Stord sjukehus vil vera med på å styrka kontinuiteten.

For at me skal ah eit sjukehus av høg kvalitet krævast det at sjukehusa har gode utdanningstilbod ved lokalsjukehusa, eit godt samarbeid med primærhelsetenesta og lokalmedisinske sentre. Ved å kopla lokalsjukehusa mot Haukeland Universitetssjukehus vil det styrka kompetansen og gjera sjukehusa meir interessant for kvalifisert fagpersonell. Når det gjeld den faste legedekninga er føreseieleg og struktur viktig for legar som søkar jobb. Også det å etablera ei ordning med roterande hospitering på HUS styrkar faglegdomen og ansiennitet ved å arbeida på Stord sjukehus. Over tid vil det då kunna voksa fram kompetansemiljø med forskingsinnslag. Men, føresetnadene for det er igjen føreseielegheit, struktur og langsiktigheit. Slike miljø utviklar seg ikkje over natta.

Me veit at Stord allereie har dei naudsynte føresetnaden for dagkirurgi, mens innan døgnberedskap og takling av komplikasjonar bør opprustast og styrkast, noko som kan koma frå universitetssjukehuset.

Dagens sjukehusstruktur skriv seg frå ei tid då fylkeskommunen hadde ansvaret for sjukehusa. I staden for dagens lokal-, sentral- og universitets/regionalsjukehus bør ein no konsentrera sjukehustenestane i lokalsjukehus og universitetssjukehus. Denne modellen vil vera føreseieleg og vil utvikla meir robuste fagmiljø. Dette vil gjera det meir attraktivt å etablera seg i distrikta, for den kommande generasjonen av spesialistar.

Håkon Frode Særsten, 1. kandidat for Stord Venstre.

Flygeblad om Stord Sjukehus og Venstres tiltak.

Venstre går inn for nytt Helseforetak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**