Skattelistene — ei misforstått openheit

Offentleggjering av skattelister er ei krenking av personvernet og tener ingen anna hensikt enn å leggje til rette for mobbing i skulegarden, snoking i privatlivet til menneske og systematisk tilrettelegging for kriminalitet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Bjørnar Hamre

Foto: Mathias Fischer

Frå neste år kan du ikkje lenger finne skatteinformasjon om naboen din via nettavisene, men i staden logge inn gjennom Skattedirektoratet sine eigne sider. Innstramminga er ei betring av situasjonen, men gir i hovudsak ikkje meir enn ein litt vanskelegare framgangsmåte for menneske som vil tilfredsstille kikkaren i seg sjølv.

Bergensavisen kritiserte på leiarplass 18. mai den kommande innstramminga og argumenterte med media si rolle som saumfarar i den offentlege debatten. Det er mange grunner til kvifor skattelistene bør vere offentlege i ein eller annan grad – offentleggjering av skattelister sikrar naudsynt gjennomsyn i skattesystemet, og media si moglegheit til å etterprøve informasjonen er i høgste grad relevant.

Når pressen i dag bruker skattelistene til underhaldning og grafsing i staden for ein kritisk debatt, har offentleggjeringa likevel mista sin opphavlege funksjon. Denne kan sikrast gjennom at skattelister er tilgjengelege på likningskontora for journalistar og andre interesserte, som kan oppdrive informasjonen ved eit løyve med låg terskel.

Oppdager ikkje skattesnusk
Om media kan vise til eit einaste døme der nokon er avslørt for alvorleg kriminalitet eller skattesvindel gjennom deira kopling mellom skattelister og Facebook, skal vi vere meir enn villige til å diskutere opplegget med dei. Døma på positive verknader av det fulle frisleppet er likevel langt overgåtte av døma på det motsette.

Sindre Horn

Foto: Mathias Fischer

Nyleg kunne vi lese i bergensmedia om Dagfinn Berg som såg at han hadde fått oppført ei inntekt på ein og ein halv million kroner meir enn faktiske høve. Då han bad staten om å rette opp tala, fekk han beskjed om at dei ikkje kunne garantere at nettavisene ville bruke dei oppdaterte tala etter dei vel tre vekene det tok før feilen blei retta opp. Han er ikkje eit einskild døme. Kvart år les vi om folk som har fått oppført inntekt, skatt eller formue med feil av større eller mindre grad. Staten driv slik ikkje berre med spreiing av unaudsynt informasjon om borgarane — han spreier direkte disinformasjon om fleire av dei.

Avgrensa tilgjenge
Offentleggjeringa av skattelister er redusert frå å vere eit samfunnsnyttig verktøy for å motarbeide korrupsjon og snusk til ei øving i menneskeleg nyfikenheit og personvernslege overtramp. Regjeringa si innstramming er eit steg i riktig retning, men går ikkje langt nok. Listene bør vere tilgjengelege for offentlegheita, men med langt strengare krav enn kva regjeringa legg opp til. Omsynet til enkeltmenneske sitt personvern er viktigare enn sosioøkonomisk skuelyst.

Bjørnar Hamre, 4. kandidat for Venstre til fylkestinget
Sindre Horn, Leiar Hordaland Unge Venstre

Innlegget sto på trykk i BA fredag 27. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**