Hallvor Lilleslett

Hallvor Lilleslett, ordførar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Hallvor Lilleslett

Foto: Helge Feet

Hallvor Lilleslett (1960) er ordførar. Han har permisjon frå stillinga som rektor i Læringssenteret Gol vaksenopplæring. Han er kulturinteressert og dirigerer på fritida mannskoret Stjernen. Han spelar hardingfele og er glad i å gå langt på ski. Lilleslett er gift og har tre barn.

Hallvor Lilleslett er tidlegare varaordførar i Gol og er inne i sin tredje periode i kommunestyre og formannskap, i tillegg til ein halv periode på nittitalet. Hallvor Lilleslett har tidlegare vore leiar i Buskrud Venstre og site i Landsstyret i Venstre.

Lilleslett er oppteken av at kommunane har handlingsrom. Styring på økonomien er eit vilkår for dette handlingsrommet.

– Det er handlingsrommet som skal til for at vi skal kunne få gjort politisk arbeid. Skule er viktig og omsorg er viktig. Og vi må ikkje gløyme kulturen som er limet i samfunnet, meiner ordføraren.
– Politikarane må gje administrasjonen visjonar slik at det kan settast klare mål for aktiviteten, seier han.

Hallvor Lilleslett er også oppteken av interkommunalt samarbeid.
-Her er det framleis ein jobb å gjera. Samarbeidet kan bli enno betre og enno meir forpliktande, avsluttar Lilleslett.

Kontaktinformasjon:

Hallvor Lilleslett
Telefon: 32074842 mob 91673900
Epost: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**