Helge Feet

Helge Feet er medlem i kommunestyret og nestleiar i Utval for Natur og Næring.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Helge Feet

Foto: Bjørn Steen

Helge Feet (1955) er utdanna lækjar og arbeider som fastlege i Gol. Han er gift og har tre vaksne born. Helge Feet er inne i sin andre periode som medlem i kommunestyret. I tillegg er han nestleiar i Utval for Natur og Næring.

Helge Feet er praktisk anlagt og kosar seg med fysisk arbeid på fritida. I si tid vurderte han å studere til arkitekt.

Helge Feet har visjonar. Meir enn ein gong har han teke til orde for eit nærare samarbeid mellom Hallingdal og Valdres. Han ynskjer å sjå dei to dalføra som ein region. Helge Feet har evna til å spissformulere seg.

– Eg brenn for dei svake i samfunnet, seier Feet.

Kontaktinformasjon
Helge Feet
Telefon: 32075505 mob 92099429
Epost: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**