John Henning Johannessen

John Henning Johannessen er Gol venstre sin tredjekandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

John Henning Johannessen

Foto: Hallvor Lilleslett

John Henning Johannessen, (f. 1955) er aktiv i Gol venstre og er no vara til UKL, UNN og kommunestyret.

John Henning er vestlending, opprinneleg frå Øystese i Hardanger. Han er gift, har to barn og arbeider no som lærar ved Gol ungdomsskule. Tidlegare har han jobba på leirskule og barnevernskollektiv.
John Henning Johannessen er oppteken av gode oppvekstvilkår for born og unge, slik at dei vert trygge og engasjerte vaksne.
-Born og unge er den viktigaste ressursen i eit samfunn og når kommunen brukar tid og pengar på skule og barnehage, er dette ei investering i framtida for kommunen.
Gol kommune har store utfordringar når det gjeld framtidig skuledrift, desse oppgåvene vil Gol Venstre vera med å løysa til beste for elevane, lærarane og lokalsamfunnet som heilskap, seier han.

John Henning Johannessen likar å gå på ski, jogge og padla kajakk og drive med praktiske syslar som hagearbeid og vedhogst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**