Venstre vil tilretteleggja for næringsliv på Stord!

– Det er ingenting som byggjar eit samfunn som nyskapande idear og fridomen til å gjennomføra det. Stord Venstre ser på det som essensielt for Stord Kommune og regionen vår at ein får ei sattsing på næringslivet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Den lokale politikken Stord Venstre og Hordaland Venstre førar er i stor grad avhengig av nasjonal politikk. Men det er viktig å påpeika at ein ved å nytta lokaldemokratiet kan få til store forbetringar for næringslivet.

Hummar

Foto: Håkon Frode Særsten

Venstre meinar at ein av våre utfordringar er tendensar mot einsretta sentralisering av næringsstrukturen i Noreg. Me ser dette ved fråsegn om kor sjukehus skal plasserast og satsing på snørydding på veier.

Venstre meinar at lokalsjukehus handlar om tryggleik til innbyggarane, på same nivå som vei-trygging. Det handlar om sikring av distrikta både når det gjeld liv, men også når det gjeld næringsutvikling.

Denne tendensen ser ein i aukande grad i disse dagar. Då forskjellen på verdifullt arbeid og verdiskapande arbeid blir uklare.
– Verdiskapande arbeid er når ein er med på å laga(skapa) noko nytt, enten det er ein båt, plattform, dataprogram eller matforedling.
– Verdifullt arbeid er helse, skule, konsulentarbeid osb.

Grunnen for at det er viktig med eit slikt skilje, er at verdiskaping er det som betalar for det verdifulle arbeidet. Så om me ikkje legg til rette for verdiskaping på Stord vil dei verdifulle arbeidsoppgåvene som kommunesektoren, helse, skule og anna minka, få dårlegare kår og verta kvalitativt forverra. I tillegg til auka arbeidsløyse og fråflytting.

Me ynskjar oss eit ope samfunn der moglegheitene for utvikling og etablering styrkast i distrikta, eit verkemiddel for å oppnå dette er å auka maktspreiinga, få meir mangfald og meir desentralisering.

Det er viktig for Stord Venstre å styrka næringspolitikken i kommunen. I dag er Stord ein av dei aller dyraste kommunane i distriktet når det gjeld nyetablering av næringsareal eller byggefelt. For å styrka det mangfaldet av gründerar, nyskapande bedrifter og kreativ produktivitet som skjer på Stord så må me gjera noko med dette.
Me ønskjar å sjå på;
– Prosessar som er etablert i kommunen som er knytt til etablering og utbygging.
– Prising og avgifter
– Gjennomstraumingshastigheit/Fråflyttingsgrad.

Me er ein liten og konsentrert kommune, og det skulle vera mogleg å tilrettelegga for ei meir effektiv og rimelegare prosess for slik etablering frå kommunen si side.

Me ynskjar ein etableringsvennleg kommune, ein kommune som vil styrka både skule, utdanning, næringsliv og helsa, og på sikt skapa stabilitet i arbeidsmarknaden.

Venstre er eit næringsutviklingsvennleg parti, og me ser det positive i eit skapande næringsliv!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**