– Ta makta frå gæmlisane!

Kun 11 personer under 30 år er representert på kommunevalglistene til årets kommunevalg i Råde. Tre partier – Ap, Frp og Krf – stiller uten kvinner eller menn under 30, SP har to under 30, mens Høyre har en enslig. Kun Venstre har tatt denne aldergruppen på alvor og stiller med hele ni under 30. “Ta makta frå gæmlisane” oppfordrer Unge Venstre-leder Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Ta makta frå gæmlisane!

Så godt som alle norske kommunar er styrt av kvite, gamle, keisame menn med slips frå 90-talet, dress frå 80-talet og sveis frå 70-talet. Slike folk bør sjølvsagt også vere representert i eit demokrati, men det er ingen grunn til at dei skal vere overrepresentert.

I lokalpolitikken jobbar ein med mange spørsmål som er relevante for ungdom. Kor ofte skal bussen gå? Skal vi byggje ny idrettshall eller ikkje? Skal ein slå saman mange småskular til éin stor? Alt dette er spørsmål som berører din kvardag direkte, og som få har sterkare meiningar om enn nettopp vi unge. Så kvifor skal ikkje vi vere med og bestemme?

Alt for få politiske parti tek ungdom på alvor. Difor er eg veldig glad for at Råde Venstre har våga å satse så sterkt på oss unge. Dei har ni personar under 30 år på lista si, meir enn nokon andre i kommunen.

Eg håpar du som ungdom ynskjer å engasjere deg vidare i politikk, og gjerne i Venstre eller Unge Venstre. For mi erfaring er at gæmlisane sjeldan gjev frå seg makta frivillig, vi ungdomar må gå inn og aktivt seie at «vi bryr oss, vi vil vere med, vi vil bestemme!»

Eg håpar Råde får et kommunestyre fylt med ungdomar etter valet i haust, og eg håpar at du vil vere med og engasjere deg.

Liberal helsing

Sveinung Rotevatn
Leiar, Norges Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**