Eid Venstre krev kompensasjon for kraftlinje

Eid Venstre krev at Eid kommune stiller krav om kompensasjon frå Staten for ulempene 420 kV-linja gir vår kommune, og set dette som ein føresetnad for at linja kan byggast. Vi har i eit eige brev til Ordføraren bedt henne ta fatt i spørsmålet, og trekke dei andre partia i Eid inn i eit samarbeid om saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Eid kommune vil få 420 kV-linja mellom Sogn og Sunnmøre tvers gjennom kommunen med 108 master og 38 km kraftlinjetrase – utan å få utløyst ny kraftutbygging som gir skatteinntekter til kommunen eller andre direkte fordeler for kommunen. Til skilnad frå t d i Hardanger har Eid ikkje har fått nokon lovnader frå Staten eller Statnett om kompensasjon. Eid kommune har heller ikkje har sett fram noko konkret krav om dette.

Krav om kompensasjon for ulempene eit så stort naturinngrep fører med seg er for Venstre ei viktig prinsippsak. Det er urimeleg at regionar blir forskjellsbehandla. Vi er sjølvsagt klar over at ein del kommunar i Sogn og Fjordane, i motsetnad til Hardanger, vil få utløyst ny kraftproduksjon som gir skatteinntekter til kommunen. Men dette gjeld ikkje alle kommunar, til dømes ikkje Eid.

Eid Venstre finn det difor no nødvendig å ta eit initiativ til at Eid kommune kjem meir offensivt på bana for å ta vare på interessene til folk og næringsliv i Eid i denne saka. Vi har merka oss at ordføraren i eit intervju i Fjordabladet 4/6 seier at “..kompensasjon for 420 kV-linja er noko som ein vil kome attende til”. Det er vel og bra, men vi meiner tida for å “kome attende” til dette må vere no, ikkje etter at linja er bygd.

Saka er no aktualisert gjennom at ordførar Bente Frøyen Steindal i Florø har reist krav om kompensasjon på linje med Hardanger og at kravet nyleg har fått støtte frå eit stort fleirtal i kommunestyret i Førde. Det vil vere uforståeleg om Eid i den nye utviklinga i saka, skal ha ei meir passiv rolle enn Florø og Førde m.o.t. å krevje kompensasjon for ulempene 420 kV-linja gir i vår kommune.

Venstre ber difor ordføraren ta initiativ til eit tverrpolitisk samarbeid om både å ta vare på Eid sine interesser i saka, og til samarbeid med andre berørte kommunar i Sogn og Fjordane/Søre Sunnmøre om felles strategi.

Mona Hellesnes, Alfred Bjørlo, Siv Langøen Rotevatn og Arild Nøstdal

Foto: Sfj Venstre

Brevet til Eid kommune er underteikna av Gunvald Ludvigsen (leiar i Eid Venstre), Alfred Bjørlo og Arild Nøstdal (1. og 3. kandidat for Eid Venstre til kommunevalet 2011). På biletet ser du Arild Nøstdal, Alfred Bjørlo og Venstre sin gruppeleiar i Eid kommunestyre, Siv Langøen Rotevatn, i samtale med Venstre-ordførar Mona Hellesnes i Ulvik. Eid Venstre møtte Mona i Bergen nylig for å høyre om Hardanger-kommunene sine røynsler med å danne “samla front” for å forsvare regionen sine interesser i kraftlinjesaka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**