Skriftleg spørsmål i kommunestyret 09.06.2011 frå Hans Haugen, Sogndal Venstre

Kva planar for skilting/informasjon er laga for Sogndal sentrum og når vert skilta til/i Fjøra sett opp?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Skriftleg spørsmål i kommunestyret 09.06.2011 frå Hans Haugen, Sogndal Venstre

Kva planar for skilting/informasjon er laga for Sogndal sentrum og når vert skilta til/i Fjøra sett opp?

Grunngjeving for spørsmålet:
I fjor sumar var det store oppslag i media om manglande offentleg toilett i Sogndal sentrum. Også dårleg/manglande skilting vart det peika på.
I år er toilettet på plass, men det hjelper lite viss det ikkje er skilta, så folk finn det.
Generelt er det dårleg/manglande skilting til Fjøra frå R5.
Tilreisande som vil nytte turstiar/turområde frå sentrum har vanskeleg for å finna dei eller dei finn ikkje tilbake til utgangspunktet.

Tiltak på kort og lang sikt:
Skilt i Gravensteinsgata som syner Toilettet, Parken, Turistinformasjon må på plass straks.
Informasjonstavler med opplysning om: overnatting, matservering, forretningar, offentlege kontor m.m. må koma så fort råde. Likeins er det viktig å skilta turstiar/friområde, badeplassar, ikkje minst for å folk til å stogge i Sogndal sentrum. ( Dette er også med i Plan for gang/turstiar og grøntområde i sentrum)
Ved skilting er det viktig å opplysa dei reisande så tidleg at dei har tid til å stogga. Men det er også viktig å skilta inne i sentrum (særleg nedanfor Gravensteinsgata)
Sogndal Venstre ber om at det vert utarbeidd ein informasjons- og skiltplan for heile Sogndal sentrum. Denne planen må ha tidsfristar, og kostnadene må inn i økonomiplanen.

Hans Haugen , Sogndal Venstre Sogndal 07.06.11

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**