Unge Venstre-samling i Oslo

Stord Venstres Ungdomskandidat, og nestleiar i Sunnhordland Unge Venstre, Geir Angeltveit var saman med Runar Mæland, sentralstyremedlem i Unge Venstre og leiar av Sunnhordland Unge Venstre i Oslo denne helga. Saman med mange andre unge liberalarar for å mellom anna diskutera politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Denne helga arrangerte Unge Venstre sitt valgkampsseminar. Der var det kring 70 unge liberalarar frå heile landet som vart samla for å snakka om politikk og løysingar, samt korleis ein valkamp fungerar.

Geir og Runar diskuterar politikk. Geir Angeltveit og Runar Mæland forteller om utfordringane rundt lokalsjukehusa i regionen.

Geir og Runar diskuterar politikk. Geir Angeltveit og Runar Mæland forteller om utfordringane rundt lokalsjukehusa i regionen.
Foto: Adrian Eriksen

Stord Venstres ungdomskandidat, Geir Angeltveit og Sunnhordland Unge Venstres leiar, Runar Mæland var der også, og var veldig engasjerte i å dela sine erfaringar frå lokalpolitikken, samt deira løysingar, med partifeller frå andre delar av landet. Det vert diskuterte djupt og lenge om alt frå ruspolitikk, lokalsjukehus, velferd og miljø.

“Me nyttar desse møta for å læra meir. Meir kunnskap og eit opent sinn for å sjå utanfor eigen kommune for løysingar gjer at me kan tena våre borgarar betre som politikarar.” seier Geir Angeltveit. Det var veldig kjekt å få høyra om utfordringar andre kommunar slit med, som for oss er heilt fjernt. Me fekk også diskutert nokre av utfordringane me har i vår eigen kommune, med gode innspel frå folk som kanskje har løyst desse utfordringane på måtar me ikkje har vurdert eingong.

Dei unge stordabuane har blitt veldig motivert og er klare for ein valkamp med nye perspektiv, med eit ungdommeleg preg og eit visjon om korleis Stord kan verta i framtida om ein satsar på dei gode liberale løysingane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**