Vestnes Venstre hadde 1.juli besøk av 2.nestleiar Ola Elvestuen. Det var eit tettpakka program som var lagt opp for besøket. Ola Elvestuen, Oddgeir Anundsen (kommunerepresentant), Martin Kjøpstad (ordførarkandidat) og Steinar Aasgard (lokallagsleiar) møtte ass.rådmann Rune Håseth i formannskapsalen for ei god orientering om:
Svinnende kvinnearbeidsplassar
Næringsutvikling
Arbeidsgivaravgift
Vidare gjekk turen til ein av fleire kvinnelege gründera i kommunen Janne Nakken og avisa “Næringsliv i Møre og Romsdal”. Nakken orienterte om utfordringane ein møter med byråkratiet som eigen arbeidsgivar. Ho formidla og synspunkt frå hennar kunder, bedrifter i heile fylket, om kor skoen trykker. Nakken nevner samferdsel som eit viktig satsingsområde for hennar kundebedrifter.
Bedriftsbesøka blei avslutta med eit besøk hjå Hilda Aaram og Aaram Rengjøringsbyrå på Vik. Dette er og ei bedrift som er gründa av ei kvinne. Aaram Rengjøringsbyrå har ansatt 14 kvinner i staben, mest kvinner frå andre land. som Estland, Latvia, Litauen, Polen,Thailand, Russland med fleire. Ho opplever dette med forskjellig arbeidsgivaravgift på kroppen ved å misse anbud til firma som held til i nabokommunen Rauma der dei har ein lavare sats. Ho nevner og dette med språkopplæring som eit område det må satsast meir på. Kvinnene som arbeider hjå Aaram Rengjøringsbyrå er enten kvinner som har blitt med mann sin hit fordi han har fått arbeid i skipsindustrien eller kvinner som har gifta seg med norske menn. “Dette med språkopplæring er veldig viktig for desse kvinnene både for integrering og for å komme seg ut i arbeidslivet.” seier Hilda Aaram. Dette var Ola Elvestuen svært enig i.
Vestnes Venstre var og vertskap for valkamputvalet i Møre og Romsdal Venstre sitt styremøte. Det vart halde på Frivillighetsentralen på Vestnes. Dette flotte bygget blei ei fin ramme for eit felles møte med Vestnes Venstre, valkamputvalet og Ola Elvestuen. Det blei eit interresant innlegg frå Ola Elvestuen og noko debatt. Servering av brennsnut til varmmat , wienerbrød og kaffi etterpå sette ei god stemning på møtet.
Vestnes Venstre takkar for eit godt besøk og ei inspirerande samling no før valkampen tek til for alvor.
Steinar