Minneord om Jon Vegard Lervåg

Jon Vegard Lervåg var mellom dei som mista livet i bombeåtaket på Regjeringskvartalet. Jon Vegard var medlem av Grünerløkka Venstre. I studietida var han aktiv i Unge Venstre, der han mellom anna sat i styret i Oslo Unge Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Jon Vegard var eit menneske med mange gåver. Han hadde overskot til å engasjere seg i mykje. Han hadde meiningar om dei store spørsmåla om miljø og menneskerettar i verda, men kasta seg også inn i dei nære og konkrete sakene. Mellom anna brukte han faget sitt til å hjelpe folk gjennom Juss-Buss og seinare Gatejuristen.

Rein partipolitikar blei han aldri. Han hadde ikkje noko til overs for at ideologiske eller partitaktiske omsyn kunne komme i vegen for å løyse saker på beste måte for dei sakene gjeld. Bak den praktiske tilnærminga hadde han eit grunnsyn om at folk bør få vere i fred og leve livet sitt som dei vil, så lenge det ikkje skadar andre. Den viktigaste oppgåva til samfunnet er å ta vare på dei som treng det og elles løyse dei sakene vi treng å løyse i fellesskap.

Han var ein utprega motgangssupporter. Han meldte seg inn att i Venstre straks etter valet i 2009. Han engasjerte seg i det han trudde på og der han såg at han kunne gjere nytte, og han var raus med å bruke tida si også på dei små oppgåvene i organisasjonslivet, som å brette konvoluttar og organisere sosialt samvær.

Jon Vegard blei drepen på jobb i Lovavdelinga i Justisdepartementet. Han var ein framifrå fagmann, aktiv i mange organisasjonar, ein god ven for mange. Han hadde ein sterk rettferdssans og eit levande sosialt engasjement. Han trudde på og forsvarte rettsstaten, det frie ordskiftet og dei små og svake i samfunnet. Når han meiningslaust og blindt blei drepen 32 år gamal, er vi mange som deler sorga med familien hans.

Midt i det tragiske får vi som er att, gjere det vi kan, der vi er, i organisasjonsliv, på arbeidsplassen, i heimen, for å vere medmenneske for kvarandre. I denne tida får vi stå saman og sjå til at orda som har sprunge ut av denne hendinga — orda om meir demokrati, meir openheit, meir mangfald, meir toleranse — blir meir enn ord.

Vi lyser fred over Jon Vegard Lervåg sitt minne.

Olav A. Røssaak
leiar, Grünerløkka Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**