Arild Nøstdal

Arild Nøstdal er Venstre sin tredjekandidat til kommunevalet i Eid 2011. Han er 33 år, gift og har to barn.
Arild er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og er tilsett ved Nordfjord Psykiatrisenter.
Arild har i perioden 2007-2011 vore 1. vara til kommunestyret og 1. vara til oppvekst-og kulturstyret i Eid kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Arild Nøstdal

Foto: Steinar Engeland

Helse og omsorg er for Arild eit naturleg politisk interesseområde. Det å sikre gode tenester til dei som treng det, ser han på som viktig. Ny sjukeheim/omsorgssenter er ei av sakene som, slik han ser det, vert ein føresetnad for å kunne møte framtida med eit best mogeleg tenestetilbod for innbyggarane i Eid. På same måte meiner han at det er er viktig å jobbe for å sikre eit sterkt lokalsjukehus som kan yte gode spesialisthelsetenester til innbyggarane i Nordfjord, no og i framtida.

Skule er også eit viktig politisk interesseområde for Arild. Han er oppteken av at tilførsel av ressursar til skulen bidreg til at lærarane kan gjere meir av det dei kan best – undervise. God kvalitet i skulen sikrar at samfunnets viktigaste ressurs, barn og unge, kan gå framtida i møte med eit best mogeleg utgangspunkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**