Klaus Iversen

Klaus Iversen er medlem i fylkestinget og i hovudutval for plan og næring for perioden 2011-2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Klaus Iversen

Klaus Iversen

Eg heiter Klaus Iversen, er 58 år, gift og har 4 vaksne barn. Eg er fødd og oppvaksen i Vågsøy kommune på Raudeberg. Eg vart utdanna jurist i Bergen i 1978 og har drive advokatverksemd frå eige kontor frå tidleg i 1980-åra og fram til i dag, berrre avbrote av to år som dommarfullmektig i Nordfjord i 1985-86.

Eg har vore politisk aktiv sidan 2003 då eg vart innvalgt i kommunestyret for Venstre. I perioden 2007-2011 er eg medlem av kommunestyret, formannskapet og er varaordførar i Vågsøy, eg er innvalt i fylkestinget og medlem av hovudutval for plan og næring.

Eg er særleg oppteken av vilkåra for nærings- og kulturlivet i fylket og regionalt, både for etablerte og framtidsretta, innovative verksemder. Samtidig er det viktig å ivareta dei store natur- og miljøverdiar som vi har i fylket.

Viktige saker for meg og Venstre i tida som kjem er:
– Legge til rette for gründerskap, innovasjon og privat næringsliv, herunder arbeide for sosiale rettar for små bedrifter og einmannsforetak.

– Støtte regional innsats for næringsutvikling og forvaltning av naturressurser.

-Viktige samferdselsoppgåver må sjåast i samanheng med nærings- og kulturutvikling, samt andre viktige politikkområder for vårt samfunn.

-Fokusere på utdanning og lærerkrefter, samanhalde med ei nyorientering om vidaregåande utdanning m.h.t. innhald og organisering, samt auke antal lærlingeplassar. Generelt må fylkeskommuen auke samarbeidet mellom utdanning og næringslivet.

Ta gjerne kontakt med meg på tlf. 915 35 164 eller e-post [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**