Torunn Helland Karlsen – 3. Kandidat

3. Kandidat for Austrheim Venstre i årets kommuneval er Torunn Helland Karlsen. – Alle menneske skal møtast med respekt og verdigheit, uansett alder eller sosial status.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Torunn Karlsen

Foto: jkk

Torunn Helland Karlsen er født i 1946, og er utdanna sosionom, har mellom anna vore sosial/barnevernsleiar i kommunen i 10 år. NAV-tilsett sidan 2007.

— Politikarane i kommunen må sørge for at velferdsgoda kjem fram til dei som treng det mest. Dei som har oppgåver i det kommunale systemet må møte alle menneske, barn, unge og eldre, med respekt, helst også med eit smil.

— Det er ikkje ein sjukdom å bli gammal, og eldre er like forskjellige som yngre årgangar. Dette må vi ta omsyn til når vi utformer helse- og sosialtenestene for eldre. Vi må heller ikkje gløyme at mange seniorar både kan og vil bidra i lokalsamfunnet. Men når vi blir hjelpetrengande, må kommunen ha eit trygt og godt tilbod med servicebustadar og nok sjukeheimsplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**