Mindor Ola Hatlegjerde

Mindor Ola Hatlegjerde (51) står på 6.plass på Venstrelista i Hå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mindor Hatlegjerde

Foto: Hå Venstre

Mindor — det er jo eit namn som kling godt på Jæren, men den dialekten din vitnar ikkje akkurat om ein oppvekst her? Nordfjordingen smiler lunt og forklarer at Mindor nok er i bruk andre stader langs kysten og, men det er jo ingen ulempe å slå seg ned ein stad der namnet var kjent frå før.

– Eg vart innrullert i marinen på Madla for mange mange år sidan, og så gjekk det som med så mange andre, det kom kvinnfolk inn i biletet og jobb som bilmekanikar og dermed var det gjort. Nå har det blitt over 30 år i distriktet og solid jobb i oljå så det tyder vel på ein viss trivsel.

Men det er vel ganske store forskjellar mellom Nordfjord og Jæren?

– Eg er oppvaksen på gard og trivst i grunnen godt i eit landskap og i eit folk som er prega av landbruket. Og eg er som så mange andre Venstrefolk opptatt av å ta vare på den flotte matjorda på Jæren. Vi må bli flinkare til å planleggja bruken av areala våre i heile kommunen og til å utnytta dei knappe areala i sentrum maksimalt om vi skal få dette til. Det er i den søre delen av Hå at vi kan byggja på uproduktiv steingrunn, og då må vi innretta oss etter det. Med litt god samordna planlegging så kan dette bli eit fantastisk buområde med ikkje mindre enn fire jernbanestasjonar innanfor dette området. Når staten får somla seg til å byggja dobbelspor til Sirevåg (eller heilt til Egersund) så kan vi få eit fantastisk kollektivtilbod her som gjer det mulig å bu her og arbeida i Stavanger eller Sandnes utan problem. Då ville dette vore eit flott alternativ til å byggja på dyrka mark lenger nord.

Nå kjem du også dragande med den kollektivtrafikken. Kan ikkje Venstrefolk snart la oss bilistar køyra i fred og prøva å opna munnen utan å snakka om kollektivtrafikk?

– He he . Joda, gjerne det. Men når vi har bygd ut motorvegen til 8 felt i 2 etasjer og det framleis er køproblemer . Kva gjer vi då? For viss vi baserer heile samfunnet på biltrafikk så vil det før eller seinare føra til trafikkinfarkt som byasane kallar det når dei må stå 10-15 minutter i kø på Forus eller Tjensvollkrysset. Vi kan utsetja det nokre år, men utviklinga går bare ein veg. Det er liten tvil om at ganske mange vil bruka eit kollektivtilbod den dagen det er betre enn alternativet. Difor må eit slikt tilbod vera på plass før vi set i gong eit utbyggingsområde slik at vi får inn dei gode reisevanane heilt frå starten. Vi må bruka gulrot i staden for pisk. Eg har aldri hatt tru på den sosialistiske tilnærminga der folk skal tvingast til å gjera dei rette tinga. Vi må gjera det attraktivt å ha gode reisevanar viss vi skal lukkast.

Du dreg også fram jakt og friluftsliv som interesser. Det ser ut som det og er eit fellestrekk for Venstrefolk?

– Det håper eg då inderleg. Det er få ting som gjer så godt i kropp og sjel som å koma seg ut i naturen, og for min del så er det å gå på jakt noko som gir både spenning og avslapping på ein gong. Dette gir oss mange gode grunnar til å ta godt vare på naturen og det den kan gi oss av opplevingar og rekreasjon. Og igjen — det er Venstre som er det partiet som har halde på lengst med miljøpolitikk, og det finst store kunnskapar internt i partiet om korleis dette bør gjerast for å sikra at neste generasjon også får oppleva det som vi har fått oppleva i naturen. Vi er den første generasjonen som har dei tekniske innretningane som gjer oss i stand til å endra på naturen. Desse må vi bruka med vett og forstand om dette skal gå godt.

Og dette seier du som arbeider i oljå? Meiner ikkje Venstre at heile oljeindustrien burde vore nedlagt for å redda miljøet?

– Nei nei nei dette er fullstendig misforstått miljøpolitikk. Dagens oljeindustri blir driven på ein forsvarleg måte og treng aldeles ikkje avviklast. Bruken av oljeprodukta og utvinningstakten derimot kan vi sjølvsagt diskutera, og det bør vi også diskutera. For dette er ein ikkje-fornybar ressurs som kjem til å ta slutt om ikkje altfor lenge. Vi må ha alternativa klar i god tid før den tid elles kjem det til å bli vanskelige tider i landet vårt.
Og ikkje minst, den teknologien som vi i dag brukar i oljeindustrien kan på mange områder også nyttast til annan industri, t.d. i samband med havvindmøller. Her må vi setja inn kreftene slik at den viktige leverandørindustrien får fleire bein å stå på.

seier Nordfjordingen og Jærbuen før han set kursen mot campingvogna på Ogna. Både vogna og staden er han så glad i at han kunne ha fortalt ein heil historie til, men det får vi ta ein annan gong.

(publ TR)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**