Ola Taksdal

Ola Taksdal (24) står på 4. plass på Venstrelista i Hå. Han er altså ungdomskandidaten til partiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ola Taksdal

Foto: NN

Ola — 24 år og ugift – du er klar over at du ikkje bare er ungdomskandidaten til Hå Venstre, du er også partiets største håp for å dra damer i denne valkampen? Han tar det fint og smiler breitt med så kvite tenner som bare son av ein tannlege kan ha.

– Det er viktig at det finst alle slags politikarar, både gamle og unge, einslege og familiefolk og for den saks skuld mange andre grupper. Vi som er unge og skal etablera oss er dei som verkeleg kjenner på kroppen kor dyrt og vanskeleg det er å skaffa seg ein bustad t.d.. Vi har ikkje så mykje av det som bankane kallar pant så vi har store vanskar med å få lån til slike store investeringar. Og det gjeld kanskje særleg dei som av ulike årsaker er einslege — uansett alder. Her må kommunen trø til og sjå på konkrete tiltak for å hjelpa dei som skal inn på bustadmarknaden for fyrste gong.

Ola, du arbeider som lærarvikar og du har rett og slett gått til det skritt å starta på ei lærarutdanning. Kva er det du tenkjer på? Smilet kjem fram igjen og han snakkar seg fort varm om kor viktig det er med ein god skule for at barn og unge skal få ein god start på livet. Viss Ola kjem inn i kommunestyret så er det liten tvil om at han kjem til å kjempa for at Hå kommune må få til ei skikkelig satsing på skulen. Og det må vera eit særs naturleg val for alle som vil ha ein betre skule å stemma Venstre. Ikkje bare er Venstre det gamle lærarpartiet i Norge, det har også klart å halda vedlike dette engasjementet på ein levande måte. Venstre vil satsa tydeleg på læraren. Utan gode lærarar kan det aldri bli ein god skule seier Ola overbevisande — slik som ein god lærar skal seia det.

Og elles Ola, korleis går det med handicap-idretten din? Han ser ut som eit spørjeteikn heilt til det går opp for han at det er golf vi snakkar om og går straks i forsvar.

– Ikkje ta den, golf er ein krevjande sport både fysisk og psykisk og kan jamstillast med mange andre idrettsgreiner. Dessutan gir det masse frisk luft og god avkopling for oss som har innearbeid så eg vil kje ha meir mobbing av oss golfspelarar, seier han med ettertrykk. Men elles er eg opptatt av allslags sport og ser gjerne at politikarane bryr seg meir.

Som ein av dei få ungdommane på listene i år, er du nøgd med korleis politikarane legg til rette for ungdom?

– Det er altfor få politikarar som er under 40 år, og dei fleste av dei har for lengst gløymt korleis det var å vera ung. Viss vi vil at Hå kommune skal vera ein attraktiv kommune å bu og arbeida i så må vi leggja til rette for det. Og det er ikkje nødvendigvis slik at vi unge absolutt vil byggja hus i hagen til mor og far og bli kopier av dei. Dei fleste unge er opptatt av samfunnet rundt seg og vil gjerne ta ansvar for framtida. Sjå på bustadpolitikken t.d. der ein i altfor mange år bare var opptatt av å byggja store einebustader med store tomter midt i den beste matjorda i landet. Først nå etter at ein er blitt tvungen til å tenkja annleis er det komen andre alternativ på banen, mindre og rimelegare leiligheter, rekkehus osv.

– I Hå kommune må vi og bli flinkare til å heva blikket og sjå på heile kommunen, ikkje bare på dei tradisjonelle sentra Nærbø og Varhaug. I søre Hå har vi eit fantastisk landskap det kan leggjast til rette for variert bustadbygging for alle grupper. I tillegg har vi fire jernbanestasjonar innanfor eit lite område slik at det ligg ideelt til rette for å satsa på kollektivtrafikk her. Venstre har foreslått at når kommuneplanen skal reviderast så bør det lagast ein samla plan for dette området slik at vi kan gjera dei grep som må til for at dette skal bli eit av dei flottaste buområda i landet. Eg trur det er mange som godt kunne tenkja seg å bu i fredelige og idylliske områder her i staden for i dei stressa byområda lenger nord viss dei fekk sjansen.

Hm, med slike tankar som dette så forstår eg jo godt kvifor du valgte Venstre og ikkje Nærbølista?

– Eg trur at tida for lengst har gått i frå slike bygdelister som dette. For all del, dei politikarane som er der har gjort mykje godt arbeid, særleg for Nærbø sjølvsagt, men eg trur at framtidas politikarar må ha eit grunnsyn i botnen for det dei held på med og i tillegg vidsyn nok til å sjå oppover og framover for heile kommunen.

Den pedagogiske sluttsatsen frå den komande læraren er det sjølvsagt umulig å ikkje vera einig i.

(publ. TR)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**