Ein god skule og trygge vegar

Venstre stiller desverre ikkje liste til kommunestyrevalet i Vindafjord denne gongen, men dei som er einige med oss har likevel mulegheit til å stemma på oss ved fylkestingvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Brosjyrebilde 2011: Skole

Foto: Venstre

Fylkeskommunen har ansvar for viktige områder som vidaregåande skule, samferdsel og næringspolitikk.
Kven som styrer fylkeskommunen er derfor viktig for utviklinga i Vindafjord.
Venstre vil at lærarane ved Ølen vidaregåande skule skal ha gode arbeidstilhøve og gode mulegheiter til kompetanseutvikling, slik at elevane får eit tilbod om utdanning av høg kvalitet. Samstundes må elevane ha god tilgang på helsesøstrer og sosialarbeidarar i skuletida for å førebyggja problem.
Me må og betra samarbeidet mellom Rogaland og Hordaland fylkeskommune om tilboda ved dei vidaregåande skulane i Ølen og Etne.

Bilen er og må vera eit viktig framkostmiddel i Vindafjord og me vil derfor styrkja vedlikehaldet av fylkesvegane og leggje stor vekt på trafikktryggleik. Samstundes må kollektivtilbodet utviklast og Venstre vil difor arbeida for eit betre kollektivtilbod som folk ønskjer, og utvida aldersgrensa på ungdomskortet til 25 år. Me vil og byggja ut eit samanhengande sykkelvegnett slik at dei som vil kan sykla trygt i fritida eller til jobb og skule.
Venstre vil arbeida for fortgang i opprustninga av E134 Haukelivegen, med snarleg oppstart av arbeidet med miljøtunnelar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**