Geiteryggen enno ein gong

Arbeiderpartiet ser ut til å ha snudd i saka om Geiteryggen. I dette lesarinnlegget i Hallingdølen 23. august har Helge Feet nokre synspukt både på prosess og sjølve realitetane i saka

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Helge Feet vart attvald som leiar i Gol venstre

Foto: Bjørn Steen

Utbyggingsplanane på Geiteryggen reiser mange spørsmål og sterke
reaksjonar.
Då saka heldt på å bli valgkampsak i 2007, greidde ordførar Brekko å
få stansa utgreiinga før valkampen kom igang . Det tenkte eg den gang,
var eit klokt politisk grep.
Tidene skiftar, og politiske syn med dei. I år var ordførar Granli (Ap) sterk
pådrivar for maksimalutbygging av Geiteryggen og samstundes sterkt
skeptisk til ei mindre utbygging på Vermefoss. Ikkje heilt lett å forstå, dette.

No har partigruppa i arbeiderpartiet tatt ansvar og sagt fra at dei er mot
utbygging. Det var bra, men saka er ikkje avslutta med det.
Reguleringsplanen ligg framleis ute på høyring.
Det blir peika på at reguleringsplanen skal opp til endeleg handsaming i
Utvalg for natur og næring og ein lit på at dette utvalget skal styre saka vel og
stille krav til utbygginga.
Andre som var med i fleirtalet i Formannskapet=kommuneplanutvalget, har
ytra liknande syn. Høgre og Framstegspartiet er litt avventande og vil sjå kva innspel, som kjem.
Eg er kommunestyrerepresentant for Venstre og møter fast i Utvalg for natur og næring. Det har gjeve eit visst innsyn i plan og byggesaker og forsvarleg saks-
handsaming. Det er mange kritikkverdige forhold ved denne saka:

I forhandlingar med utbyggar kunne ikkje administrasjonen i Gol, bli enig med utbyggar om forsvarleg utbyggingsgrad.Saka kunne altså ikkje ferdigbehandlast administrativt, men måtte oversendast til politisk behandling.

Me som er valgte kommunepolitikarar, skal ta vare på interessene til folket i kommunen, bumiljøet og naturmiljøet.Etter mi meining tek fleirtalsvedtaket først og fremst omsyn til utbyggar sine planar og økonomiske interesser og sett desse over omsynet til fellesskapet.

Å legge ut ein reguleringsplan til første gangs offentleg ettersyn er .
første steg på veg til godkjenning. Dette skal være det viktigaste vedtaket i ei reguleringssak.
Å legge planen ut på ettersyn betyr at fleirtalet i kommuneplanutvalget, syns saka er grei, både administrativt og politisk. Det er eit klart signal til utbyggar om at kommunen støttar saka. Og dette gjer ein altså etter eit benkeforslag frå
Senterpartiet , som gjev utbyggar heilt frie hender og ikkje stiller eit einaste
Krav eller vilkår. Dette er svært lite gjennomtenkt,for å sei det forsiktig.

Utlegging til gjennomsyn, skal ikkje brukast , som "jakt på åte": "Me legg
saka ut, så får me sjå kva som dukkar opp!?!"
Venstre meiner dette er eit lite framtidsretta tiltak, det blir eit stort sår i landskapet for all ettertid.Når det gjeld natur og bumiljø er Venstre
tilhengar av "føre var prinsippet".Planen er ikkje miljøvennleg.
Behovet for nye næringsareal i Gol er overdrive.
Gol er og skal fortsatt være eit reisemål for turistar.Stortstilt masseuttak nær sentrum er ikkje eit godt valg ,når ein framover skal profilere Gol som eit reisemål for folk som kjem hit for å søke ro og fred og opplevingar.

Då saka vart nedstemt i 2007 uttrykte dåværande ordførar Brekko noko slikt
som at "Me hadde tenkt oss eit industriområde og ikkje ein flyplass!"
Betre kan det eigentleg ikkje seiast.Venstre seier neitakk til begge deler.

Venstre vil kjempe mot den planlagte utbygginga til siste behandling, eller til den er stoppa. Eg vil sterkt oppmode ordføraren om å kalle inn til ekstra Plan-
utvalgsmøte og skrinlegge planen for Geiteryggen før valget,
ellers må velgarane leve med uvissa.

Helge Feet,
Gol Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**