AP og valkamp i ferietid

AP og valkamp i ferietid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Som dei fleste andre lokalpolitikarar som har teke ferie frå jobb og politikk, registrerer eg at
Luster Arbeidarparti ynskjer aktivitet i ferietida. Det er generelt positivt at partia vil
marknadsføra sine saker for komande valperiode, men som ein av fleire reknar eg også med at
veljarane vurderer kva partia har gjort og prioritert i siste valperiode.
Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat fortel at ho har vore i Stryn og fått god informasjon om
næringsutvikling og hyttebygging. Dette er lite nytt for kommunestyre i Luster. Venstre
peika i kommunestyret for 10-12 år sidan at me måtte sjå på og læra av korleis Stryn hadde
lukkast så bra med si næringsutvikling. Nøkkelen for å lukkast er enkel: Næringa sjølv har
vore svært aktiv med særleg vekt på samarbeid, og støtta kvarandre for ein "vinn-vinnsituasjon".
Her har alle i Luster meir og læra og me kan mellom anna bli endå flinkare enn i
dag med å handle varer og tenester lokalt !
Luster kommune har over lengre tid hatt svært god dialog og samarbeid med Stryn kommune.
Dette må vidareførast, men ikkje nødvendigvis berre med Stryn.
Det er ikkje eit mindre "frieri" at Luster Arbeidarparti no i valkampen er blitt så positiv til ny
ballbane ved Hafslo skule. Arbeidarpartiet støtta rett nok noko seint og motvillig i siste
budsjettframlegget Venstre, Senterpartiet og Høgre sitt framlegg om både å forsera og sikra
nok midlar til infrastruktur og grunnerverv der dette også omfatta ballbana.
Venstre har i siste periode vore åleine om meir midlar til bygging av nærmiljøanlegg, men eg
ser no håp om at Arbeidarpartiet vil støtta dette så langt det gjeld denne ballbana. Venstre vil
også i neste periode prioritera meir midlar til fleire typar nærmiljøanlegg enn fotballbaner t.d.
andre leikområde, turområde, lysanlegg m.m.. Endå viktigare er det å oppfylla kommunestyret
sin intensjon om 50 % refusjon av faktiske driftsutgifter dei frivillige laga har på sine bygg og
anlegg. Venstre har også her vore åleine om å oppfylla denne intensjon i denne perioden, men
forventar no støtte frå fleire parti i neste periode — særleg frå Arbeiderpartiet.
Den 18.juli har Nils P Støvya (fylkesleiar for AP) eit godt innlegg i Sogn Avis om "Frivillig
innsats er viktig for lokalsamfunnet". Diverre har midlar til dei frivillige laga sitt arbeid i
Luster denne perioden vorte redusert . Det hadde vore gledeleg om Arbeidarpartiet lokalt ville
vera med å støtta Venstre sine framlegg om å prioritere høgare det viktige arbeidet frivillige
lag gjer for å ta vare på vår lokalhistorie, vera i beredskap ved ulukker/ uførutsette hendingar,
og ikkje minst alle aktivitetane desse driv for auka trivsel for innbyggjarane.
Jon Ove Lomheim
1.kandidat for Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**