Eit levande Ørsta

Terroråtaka 22. Juli har mint oss på kor viktig det er å løfte felles ideal mot meir demokrati, auka mangfald og respekt for rettstryggleiken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ørsta Venstre ynskjer å skape eit godt lokalsamfunn. Et felleskap der vi ikkje treng å trakke på kvarandre og der vi kan finne dei beste løysingane i lag. Det er ikkje slik at ansvarleg styring skal føre til handlingsløyse. Ansvarleg styring handlar om at vi nyttar fellesgoda til fellesskapet. Ørsta Venstre vil gå inn for at vi realiserer fleirbrukshallen på Mosflata i denne valperioden. Vi ser ingen andre framtidsretta alternativ!

Ørsta kommune skal vere ein open organisasjon og med klare verdiar det er lett å identifisere seg med. Dei tilsette i kommunen skal vere gode tenesteytarar for innbyggarane og gje rett hjelp til rett tid.

Ørsta Venstre vil arbeide for ein skulestruktur som gir alle like og gode vilkår for opplæringa. Ørsta Venstre var dei første i valkampen som peika på eit behov for auka fokus på oppvekstmiljøet i Ørsta, mellom anna ved å gje barn og unge samlingsstader, gode barnehagar og skulefritidsordningar. Venstre meiner at vi treng fleire gjennomtenkte og gode offentlege tiltak for barn og unge som kan stå som gode alternativ til marknadskreftene. Samstundes skal vi medverke til at eldre i kommuna vår får ein verdig alderdom, m.a. ved godt helsestell og ordningar som sikrar gode omsorgsbustader. Venstre ynskjer å ta vare på Ørstingane!

Vi vil at kommuna skal legge til rette for lokal næringsutvikling og tilbod som kan auke livskvaliteten til dei som bur her. Venstre vil arbeide for å nytte folk der folk bur.

Vi skal ikkje vere handlingshemma fordi at vi trur vi manglar pengar. Ørsta Venstre vil bygge lokalsamfunnet med handling som innbyggarane kan sjå. Vi vil føre ein ansvarleg politikk med folk i sentrum. Ørsta skal bli ein stad det vert lett å snakke godt om. Den einskilde innbyggaren i Ørsta er viktigare enn systemet. Godt val. Stem Venstre!

Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**