Kulturhuset utan brukarar?

Avisa “Hordaland” hadde ein nedslåande reportasje om kulturhuset 22.10.11. Det vart sagt at huset ikkje er gagnleg for kulturlivet i bygda slik det no fungerer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det gjeld både lokalitetane og ikkje minst leigeprisen som langt overstig det som er mogleg for ulike institusjonar å betale. Ikkje minst er det beklageleg at det synest som om ulike aktørar vert møtt med ei lite imøtekomande haldning frå administrasjonen. Eg vert opprørt når eg les at den tradisjonsrike Russerevyen er utan lokale, men vert hjelpen i tolvte time av ein velviljug hotelldirektør. Like eins må andre musikkaktørar på bygda for å finne høvelege lokale – ære vere Store Ringheim for si nye verksemd. Men er det slik me vil ha det i kulturbygda Voss? Eit kulturhus utan liv og dynamikk? Nei, eit bygg til 100 millionar må nyttast og samarbeidsånda i bygda må styrkjast!

Kultur

Foto: Luth

På møte i Utval for miljø- og kultur i april bad Venstre ved underteikna om å få ei orientering om leigeprisane. Kulturhuset skal vera sjølvfinansierande og administrasjonen hadde rekna seg fram til tre ulike prisklassar. Min reaksjon var at prisane ville bli for høge for det lokale kulturlivet. Det vart liten debatt, men heller tunge sukk og ei avventande haldning frå politikarane. Som nestleiar i Miljø- og kulturutvalet vil eg be om at dette kjem opp som sak og at ein får ei ny drøfting. Ein vil m. a be om informasjon om kor mange søkjarar som har takka nei til leige i kulturhuset.

Venstre fekk fleirtal for å oppretta eit kulturråd på budsjettmøte i desember 2010. Etablering av eit kulturråd er viktigare enn nokon gong. Det må tilretteleggjast for ein betre dialog mellom brukarane, politikarane og administrasjonen. Brukarane må få kunna artikulera behov og synspunkt på bruken av huset. Renter og avdrag må betalast så her krevst kreative og samarbeidande krefter frå alle leirar.

Kommunen er avhengig av kulturlivet og kulturlivet er avhengig av kommunen og politikarane. Så lat oss bretta opp armane og tenkje kreativt!

Piano

Foto: Microsoft

Anne-Jorunn Ryum Møen

Nestleiar MKU, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**