Frå viktig arbeid til juks og bedrag i SOS Rasisme

SOS Rasisme bløffar om medlemstal i Arendal, Gjerstad og Risør, kanskje også i Grimstad, skriv Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

SOS Rasisme

Foto: SOS Rasisme

I rettsaka i Haugesund er SOS Rasisme dømt til å betale tilbake 9,7 millionar kroner som blei utbetalt på grunnlag av falske medlemslister. Men sjølv om dommen er knusande med solid dokumentasjon, hevdar nestleiaren og dagleg leiar i SOS Rasisme at alt er korrekt og at organisasjonen er utsett for heksejakt. I Dagbladet 18. juli hevda hovudkasserar og dagleg leiar Kjell Gunnar Larsen i SOS Rasisme at organisasjonen er utsett for "politisk trakassering" og at "det er opprinnelig nazister som står bak anklagene om medlemsjuks."
Mange av oss har eit jakkemerke heime, ei gul hand med teksten "Ikke mobb kameraten min!" Merket er laga av SOS Rasisme, som i tidlegare tider har gjort mykje bra. Men det siste året har Landsrådet for norske ungdomsorganisasjoner, politiet og Dagbladet sett SOS Rasisme nærmare i korta. Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet meldte SOS Rasisme til politiet for brot på straffeloven, mistenkt for "bevisst å ha gitt uriktige opplysninger til tilskuddmyndighetene for å oppnå høyere tilskudd enn organisasjonen har vært berettiget til."
Nå har retten slått fast at dette er det største medlemsjukset i norsk historie.
SOS Rasisme har fått utbetalt mange millionar kroner på grunnlag av oppgitt medlemstal og aktivitet i oppdikta lokallag. Da Venstre i Arendal sjekka lokallagslistene Dagbladet hadde fått tak i, fann vi ut at det skal vere 797 medlemer i SOS Rasisme i Arendal. Venstre har ikkje sett desse medlemene, trass i at vi har mykje og god kontakt med mange miljø som gjer eit godt arbeid for integrering og eit fleirkulturelt samfunn. Vi har sett at det har vore positiv aktivitet i Grimstad, blant anna fakkeltog og appellar for å minnest den tragiske krystallnatta i Tyskland. Dei siste to åra har vi også sett annonse om alkoholfri rockekonsert i Grimstad. Men dei 797 medlemene i Arendal, pluss 138 i Risør og 59 i Gjerstad har vi ikkje sett noe til.
Arendal Venstre har spurt SOS Rasisme i brev 2. november 2010 om kven som er i leiinga for dei 797 medlemene i Arendal SOS Rasisme har fått utbetalt statsstøtte for. Vi har også sendt fleire purringar. Vi har ennå ikkje fått svar.
Venstre har også spurt kulturnettverket i Arendal kommune. Der kom svaret få minutt etter at spørsmålet var sendt på e-post: Ingen i kulturnettverket har høyrt frå eller om SOS Rasisme i Arendal så langt noen kan hugse. Det har heller ikkje kome søknad om pengestøtte. I fleire år har Arendal Venstre fått tiggarbrev frå leiinga i SOS Rasisme på landsplan, der organisasjonenhevdar dei ikkje får pengar frå kommunar og fylke.
Vi har hatt kontakt med dei som dreiv eit heiderleg og godt arbeid i lokallaget i Arendal, og dei fortel at laget blei nedlagt i 2002. Mykje av grunnen til dette var at dei ikkje kjente seg trygge på leiinga på landsplan.
Men så seint som nå søndag i Aftenposten hevdar SOS Rasisme at dei ikkje har juksa med medlemstala. Derfor enda eit spørsmål til SOS Rasisme i Norge: Kan de vise oss ein eller fleire av dei 797 medlemene i Arendal?
Vi må snarest få avvikla SOS Rasisme, slik at dei kriminelle leiarane der ikkje skal øydelegge for alle som vil drive eit heiderleg, demokratiskog stadig like nødvendig arbeid for toleranse og inkludering.

Antirasistisk arbeid og arbeid for menneskerettar er viktig. Men kriminelle organisasjonar under dekke av antirasistisk arbeid har vi ikkje bruk for.

Jan Kløvstad
Bystyremedlem for Venstre i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**