INTERPELLASJON OM MEIR OPENHEIT

Vi vil ha meir innsyn og open styring av Skodje komune.
Ordføraren lovar svar på neste kommunestyremøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det vert vist til Openheitsplakaten (vedlegg1) og Skodje kommune sitt resultat frå Norsk presseforbund sin openheitsindeks for 2011 (vedlegg 2).

Openheitsplakaten vart på initiativ frå Venstre vedteken i ei rekkje kommunestyre, bystyre og fylkesting i 2004. Sidan då har Offentleglova blitt revidert, og to nye kommunestyre har teke til på sine valperiodar.

Skodje Kommune handsama truleg ikkje Openheitsplakaten i 2004.

Etter Venstre si meining er det stadig behov, både for folkevalde og tilsette, å minne seg sjølve på at praktisering av openheit i alle prosessar er eit viktig demokratisk poeng i seg sjølv. Kommunen er til for borgarane, og borgarane skal ha høve til å kontrollere styret. Openheit er ein berebjelke i lokaldemokratiet, og ein føresetnad for god informasjonsflyt til kommunen sine innbyggjarar, til dei tilsette og til dei folkevalde.

Undersøkjinga som norsk presse har føreteke i landets kommuner viser at vi også i Skodje har litt igjen før vi når ønska resultat, sjå vedlegg 2. Skodje skåra 8 av 18 oppnåelege poeng i denne testen som tok føre seg tilgong på kommunens postjournal, høve til søk i denne og om dokumenta kunne lesast eller lastast ned, informasjon om offentlegheitslova, klikkbare kommunale saksdokument elektronisk, svartid ved krav om innsyn, kontaktinfo om kommunestyremedlemmane, tilsette sin ytringsfridom, om kontrollutvalet har reglementsfesta møter med opne dører og om det i politiske møter bak lukka dører er reglementsfesta teieplikt.
I tillegg vart vi målt på om vi i utlysingstekst ledige stillingar gjer merksam på at søkjarliste kan verte offentleggjort, jf off.lova § 25.

Skodje hadde responstid på 2-3 dagar ved krav om innsyn, dette er bra og halvparten av poenga kom her. Det vart gitt 2 poeng for postjournal på nett, 1 poeng for klikkbare elektroniske saksdokument og 1 poeng for at kommunen ikkje har reglement som pålegg møtedeltakarar teieplikt etter møter med lukka dører.

Vil ordføraren ta initiativ til at kommunestyret vedtek Openheitsplakaten som eit prinsipielt utgangspunkt for kommunen sin forvaltningspraksis?

Vil ordføraren ta initiativ til å forbetre kommunens resultat på indikatorane på Åpenhetsindeksen 2011, slik at openheita vert betra og kommunens score aukar neste år?

Framlegg til vedtak:

Kommunen skal praktisere mest mogleg openheit i sin sakshandsaming. Openheitsplakaten , jf vedlegg 1, vert vedteken for bruk på alle kommunale sakshandsamingskontor. Det vert sett av tid til ein gjennomgang av hovudprinsippa i Offentleglova i møter/samlingar for leiarar og øvrige sakshandsamarar.

Kommunestyret går inn for ein gjennomgang av kommunens rutiner og nettpraksis i høve resultata i Åpenhetsindeksen 2011 med spesielt fokus på:

1. Informasjon om offentleglova på kommunen si heimeside, anten omtale av lova eller lenkje
til lova bør ligge godt synleg.

2. Postjournalen bør ha søkefunksjon på sakstittel, dokumenttittel, mottakar /avsendar,
i tillegg bør dokumenta kunne lesast eller lastast ned.

3. Kontaktinfo om kommunestyremedlemmane bør også innehalde straumpostadresse og
telefonnummer.

4. I reglement for politiske møter må det takast inn at kontrollutvalet som hovudregel har
møter for opne dører.

5. Reglement/retningsliner som fastslår dei tilsette sin ytringsfridom.

6. Standard ordlyd i stillingsutlysingar om at søkjarliste kan verte offentleggjort.

5.februar 2012

Skodje Venstre

Kari Grindvik

Vedlegg 1 OPENHEITSPLAKATEN

VER OPEN

Rettleiing for kommunale sakshandsamarar
i praktisering av offentleglova.

1) Offentleglova gjev reglar som sikrar borgarane rett til innsyn i sakshandsaminga og arbeidet til offentlige organ. Innsyn i kommunens arbeid er ein viktig føresetnad for eit ope og demokratisk samfunn.

2) Hovudregelen i Offentleglova er at alle dokument er offentlige og dermed opne for innsyn, om ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Ønske om innsyn i ei sak er ofte knytt til kor aktuell saka er. Sidan det er ein offentleg (open) journal som dannar grunnlag for innsyn, må du bidra til fortløpande journalføring. Alle førespurnader og skriv, også elektronisk, skal journalførast, med mindre det dreier seg om førespurnader av privat karakter.

3) Motiva den enkelte borger har for å be om innsyn, skal du ikkje vurdere. Det er ikkje eit krav i lova at den som ber om innsyn, i eit dokument eller ei sak, er part eller har direkte interesser i dokumentet eller i saka.

4) Når du mottek førespurnad om innsyn, vurder først om det er grunn til at hovudregelen i lova (§ 3) bør fråvikast. Vurder deretter om det er heimel for å unnta dokumentet. Ved eventuelt avslag, må du vise til presis heimel og samstundes opplyse om høve til å klage.

5) Dersom hovudregelen i Offentleglova kan fråvikast ut frå grunngjeving etter unntaksreglane, må du likevel vurdere om dokumentet heilt eller delvis kan gjerast kjent. Du har etter lova ei plikt til å vurdere bruk av prinsippet om «meirinnsyn» (§ 11).

6) Føresegnene i lova om unntak for “interne dokument” gjeld ikkje innstilling frå administrasjonen når avgjersle skal takast av kommunestyret eller fylkestinget eller av andre folkevalde organ.

7) Er du tillagt innstillingsrett i sak til folkevalt organ og har påført eit dokument eller en sak «unntatt frå innsyn», må du vise til aktuell lovparagraf og du må gjere merksam på at organet sjølv skal vurdere dette.

8) Offentleglova regulerer dokumentoffentlegheit. Kommuneloven regulerer møteoffentlegheit. Lovheimel for å handsame ei sak for stengde dører finn du berre i kommuneloven (§ 31).

VEDLEGG 2

Det vert vist til undersøkinga Åpenhetsindeksen 2011, utført av Norsk Presseforbunds Offentlighetsutvalg og referert på Norsk Journalistlags heimesider.

Undersøkinga viser at Skodje kommune får følgjande score:
1. Postjournal på Internett 2/2 poeng
2. Søkefunksjon i nettjournalen 0/1 poeng
3. Informasjon om offentleglova 0/3 poeng
4. Klikkbare møtedokument 1/1 poeng
5. Kontaktopplysningar til politikarar 0/2 poeng
6. Ytringsfridom 0/1 poeng
7. Reglementsfestet teieplikt bak lukka dører 1/1 poeng
8. Hovudregel om opne dører i kontrollutval 0/1 poeng
9. Klikkbare dokument som ikkje er unnateke frå innsyn 0/1 poeng
10. Tal dagar brukt for å handsame krav om innsyn 4/5 poeng

Til saman får kommunen 8/18 moglege poeng. Dette viser eit potensiale for forbetring. Mange av desse forbetringane kan gjerast med små grep og utan store kostnader.

For Venstre sin del er openheit eit viktig demokratisk poeng. Kommunen er til for borgarane, og borgarane skal ha høve til å kontrollere styret. Det er også eit sjølvstendig poeng at kommunens system skal være enkle og tilgjengelige for borgaren, og at nettsidene skal yte borgaren enkel og god hjelp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**