Voss treng fleire barnehageplassar!

Venstre gav full støtte til den justerte kommunedelplanen for barnehage, som Voss kommunestyre vedtok i møtet 16. febr. Venstres representant i utval for levekår, Jorunn Ytrefjord, understreka m. a at det var viktig å tilpassa lokale og uteområde etter barnas behov.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

Voss kommune har etter kvart ein tvilsam tradisjon når det kjem til “midlertidige” barnehagar. Difor var det viktig for utviklinga i kommunen at det vart fatta vedtak om utbyggingar no.

I tillegg til tilbod om utebarnehagegrupper, står nybygg på noverande Lundhaugen barnehage sitt område, følgd av nybygg/evnt. ombygging på Evanger øvst på lista. Jorunn Ytrefjord påpeika i tillegg at dett ikkje berre var å finna eit mogleg ledig lokale, men at dette måtte tilpassast behova både i høve kapasitet, økonomi og, ikkje minst, pedagogisk.

Barnehage

Foto: Gjesdal Venstre

Viktige investeringar ligg no føre oss, og Voss Venstre vil følgja opp og sjå til at det vert løyvd pengar til dei prosjekta som er lova!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**