– Er det moralsk greit at husleiga i sosiale leiligheiter er avhengig av styrearbeidet?

– Er det moralsk greit at husleiga i sosiale leiligheiter er avhengig av styrearbeidet? Eg veit det er juridisk heilt greit, men moralsk? spurte Venstres Jan Kløvstad da bystyret diskutere ein søknad frå Hauene boligstiftelse

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


om lånegaranti for å redusere husleiga.

– Om vi samlar oss eit sameige eller eit burettslag, vi som er rekna for å kunne ta vare på eigne interesser, er det heilt greit at investeringar, drift og vedlikehald vedtatt på demokratisk vis bestemmer husleiga. Men for dei som bur i stiftingar som Hauene er det ikkje mogleg å kunne ta del i slikt forpliktande arbeid. det er jo nettopp derfor dei bur i bustadar som Hauene. Bystyret bestemmer husleigenivået i omsorgsinstitusjonar, takstar i SFO og barnehage for å få lik behandling av borgarane våre.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Eg stiller eit prinsippielt spørsmål her, ikkje eit konkret forslag, sa Jan Kløvstad, som bad ordførar og rådmann sjå på ordningar som gjer at dei som er avhengige av å bu i kommunale sosiale bustadar får rettferdig husleigenivå.

– Venstre støttar fullt ut intensjonen frå styret i Hauene boligstiftelse. Vi synest det er viktig og flott at dei tar grep for å redusere husleiga, og vi støttar fullt ut søknaden om å utvide lånetida og å gi kommunal garanti for det. Men la oss likevel sjå på det prinippielle og moralske, – slik at vi kan gi best mogleg tilbod til dei som treng det mest, sa Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**