For mange dødsulukker langs vegane i Hordaland!

Venstres Knut Olav Nestås var i dagens utgåve av avisa “Hordaland” vedkomande dei mange dødsulukkene langs vegane i Hordaland, der m. a nye vegar med vekselvis tre felt og midtdelar vart drøfta. Her finn du fråsegna som vart vedteken av Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Når høvesvis 21 (2010) og 19 (2011) vart drepne i trafikken i Hordaland, er det 40 menneske for mange. Hordaland Venstre meiner at førebygging langs vegane, basert på forsking og kunnskap, er den beste og billegaste veginvesteringa me kan ta.

Hordaland

Foto: MK

Dødsulukkene og personskadane på vegane våre kostar store beløp i tillegg til dei sterke menneskelege påkjenningane. Om lag kr 30 mill er det rekna ut at eit dødsfall på vegane våre kostar samfunnet i snitt. Berre på strekninga mellom Voss og Bergen på E 16 har NAF rekna seg fram til at kostnadane sidan 1991 er på om lag 7.5 milliardar kroner. Tek vi med alle ulukkene på kyststamvegen, og særskilt E 39 over Stord, så snakkar me om enorme summar i tillegg til dei menneskelege lidingane som ikkje let seg prisa.

Venstre vil gjennomføra dei grepa som har bevist effekt, og på ordningar som er kunnskapsbaserte og effektive. Forskingsleiar Rune Elvik ved TØI si avdeling for tryggleik og miljø, er sitert på følgjande vedkomande dei svenske forsøka med midtrekkverk: "Forsøk har vist at antall drepte gikk ned med 80 %." Midtdelarar er m.a.o. ei effektivt og godt tiltak knytt til å auka trafikktryggleiken langs vegane.

Midtdeler

Foto: Statens Vegvesen

Fylkesveg 7 må verta eit kortare og reelt alternativ for å avlasta E 16 Bergen-Voss. Då må det byggjast 3 km tunnel Øystese-Fyksesund og gjera naudsynte utbetringar langs Hardangerfjorden til Granvin. Det vil gjera Hardangeralternativet 9 km kortare enn over Voss, og gje betre trafikkfordeling på trafikken som skal til Hardanger.

Hordaland Venstre vil:

auka bruken av midtdelarar
redusera fartsgrensene der det er nødvendig
kombinera haldningskampanjar med auka kontrollaktivitet og synleg politi langs vegane
byggja Fyksesundtunnelen og utbetra riksveg 7 langs fjorden til Granvin
kartleggja frekvensen og konsekvensen knytt til ulukker på utsette vegstrekningar i Hordaland
at det allereie i grunnskulen skal arrangerast mørkedemonstrasjonar for å bevisstgjera kor mykje det har å seie å vere synleg i trafikken

Intervjuet med Knut Olav Røssland Nestås, finn du i dagens utvåve av avisa “Hordaland”.

Knut Olav Røssland Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**