Å ruste opp Bergensbana er å satse på framtida

Høgfartsrapporten til jernbaneverket seier at ei storstilt lyntogutbygging i Noreg er mogleg, men vil ha store kostnadar og ligg langt framme i tid. Utredninga viser derimot tydeleg at ei opprusting av Bergensbana må vere ein førsteprioritet i jernbanesatsinga i Noreg, skriv Mona Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Bergensbanen

Foto: stock.xchng

I slutten av januar kom sluttrapporten frå Jernbaneverket si utgreiing om høgfartstog i Noreg.
Bergensbana er ifølgje utredninga den eksisterande strekninga der ein vil få den største nytta ved minst bruk av investeringsmidlar. Ei investering på 35 milliardar kroner vil få reisetida Oslo-Bergen ned frå 6:30 i dag til 5:10. Ei ytterlegare investering i Ringeriksbanen mellom Hønefoss og Sandvika vil kunne gjere reisetida ned mot 4:15. Ei totalinvestering på 55 milliardar kroner — ein tjuedel av dei estimerte totalkostnadane ved ei høgfartsutbygging — vil redusere reisetida med to timer og gjere togturen mellom Oslo og Vestlandets hovudstad konkurransedyktig med fly.

Utgreiinga seier at ei storstilt lyntogutbygging er mogleg, men vil ha store kostnadar og ligg langt framme i tid. Vidare anbefaler ho ikkje at strekninga mellom Bergen og Oslo bør vere førsteprioritet når ei eventuell lyntogutbygging kjem. Utredninga viser derimot tydeleg at ei opprusting av Bergensbana må vere ein førsteprioritet i jernbanesatsinga i Noreg.

Eit godstog frå Oslo til Bergen kostar i følgje Jernbaneverket berre 3000 kroner i energikostnadar. Ringeriksbana åleine vil ifølgje Transportøkonomisk institutt generere 900 000 fleire togreisande. Bergensbanen er framfor noko eit miljøprosjekt, og bør kome høgt på Miljøverndepartementets prioriteringar i innspel til Nasjonal Transportplan.

Ei modernisert bergensbane vil også muleggjere timesavgangar mellom Bergen og Voss, avgangar mellom sentrum og Arna kvart tiande minutt, og godstog mellom Bergen og Gøteborg kan køyre tur/retur på under eit døgn. Ei satsing på Bergensbana vil få omfattande positive ringverknader for næringslivet i bergensregionen.

Dei viktigaste investeringane i Bergensbana — ei realisering av Ringeriksbana og opprusting av Vossebana — er begge strekningar som kan inngå i ei framtidig lyntogsatsing på strekninga mellom Bergen og Oslo. Å ruste opp Bergensbana vil både gje reisande eit betre og raskare transporttilbod i dag, og kan vere del av eit endå betre og raskare tilbod i morgon. Å satse på Bergensbanen er å satse på framtida!

Mona H Hellesnes
Fylkesvaraordførar i Hordaland (V)
Leiar Forum Nye Bergensbanen

Dette innlegget stod på trykk i Avisa Hordaland laurdag 25. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**