Årsmøte i Telemark Venstre

Telemark Venstre haldt årsmøte den 11. februar. Ein generell og gledeleg tendens i heile fylket er at fleire lokallag er i vekst, med Bø som eit strålande døme.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Telemark Venstre haldt årsmøte den 11. februar. Ein generell og gledeleg tendens i heile fylket er at fleire lokallag er i vekst, med Bø som eit strålande døme.

Helsepolitikk var eit sentralt tema på møtet, og Telemark Venstre ønskjer vedtak om ein forpliktande opptrappingsplan for rehabilitering og habilitering. Du finn ei fråsegn om saka på sidene til fylkeslaget her

Jernbanestrategien var og oppe til debatt, og Telemark Venstre vil halde presset oppe ved å arbeide for større trafikk på det banenettet som alt finst, samtidig som vi ønskjer ei rask utbygging av Inter City-prosjekta. På sidene til Telemark Venstre er det lagt ut meir info om saka.

I tillegg var stortingsvalet i 2013 på dagsorden, og det vart vedtatt at Venstre vil delta i regjeringsforhandlingar med alle dei nåverande opposisjonspartia. Det er likevel ein føresetnad at ei regjering Venstre eventuelt deltek i, må føre ein meir miljøvennleg politikk enn den sitjande regjeringa. Ei kort oppsummering av resolusjonen er her

Av meir organisatoriske saker, kan det nemnast at Torgeir Fossli vart attvald som leiar. Les meir.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**