Auk utvinninga frå modne oljefelt — la Petoro selja ut eigardelar

Styret i Rogaland Venstre vedtok eit fråsegn om auka utvinning frå modne oljefelt på styremøte 29. februar 2012. Rogaland Venstre vil gje Petoro større forretningsmessig fridom til porteføljeoptimalisering, inkludert gjennomføring av nedsal på modne felt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Rogaland Venstre ønskjer fleire verkemiddel for å sikra så høg utvinningsgrad som muleg frå felt i haleproduksjon på norsk sokkel. Eit slikt verkemiddel er å gje Petoro større forretningsmessig fridom til porteføljeoptimalisering, inkludert gjennomføring av nedsal på modne felt.

Miljø, olje

Foto: Luth

For oljebransjen har året 2011 vore eit rekordår, med dei store oljefunna i Barentshavet og Nordsjøen som høgdepunkt. Skrugard, Havis og Sverdrup vil sikre både verdiskapning og arbeidsplassar for Noreg under den kommande utbyggingsfasen og seinare driftsfasen.

Rogaland Venstre ser ein risiko for at innsatsen med auka oljeutvinning frå modne felt kan bli nedprioritert i forhold til dei nye funna og nye feltutbyggingar.

Petoro administrerer Statens Direkte Økonomiske Engasjement (SDØE) på norsk sokkel. Selskapet har betydelege eigardelar (30- 50 %) i modne felt som Veslefrikk, Draugen og Gullfaks. Det betyr at dei andre rettshavarane og operatørselskapet har ein eigenproduksjon av olje som er redusert tilsvarande Petoro sin andel.

Petoro er per i dag ikkje gjeve anledning til å driva aktiv porteføljeforvaltning. Ved å opna eit handlingsrom for å justere SDØE-andelar vil dette kunne ha betyding særleg i lisensar der produksjonsnivået er lågt. Dersom Petoro gjes anledning til nedsal i slike lisensar oppnås både salsinntekter til Staten, samt at dei andre rettshavarane får auka sin eigenproduksjon. Dette vil gje selskapa større økonomisk insentiv til å prioritera tilgjengelege ressursar og setta i gang tiltak som kan auke utvinninga og forlenge levetida for modne felt. Det vil også gje ein meir robust økonomisk basis for å søke tredjepartsløysingar som ligg i å tilby prosesserings- og transporttenester frå andre utbyggingar i nærområdet.

Rogaland Venstre vil gje Petoro større forretningsmessig fridom til porteføljeoptimalisering, inkludert gjennomføring av nedsal på modne felt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**