Eit kulturhus for alle!

Lesarinnlegg i avisa “Hordaland” for morgondagen: Voss kulturhus har alt vore i drift i eit år. I evalueringa lagt fram for Utval for miljø og kultur(MKU) 1. mars kjem det fram at huset og dei ulike sektorane i huset er i godt gjenge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Biblioteket har auka utlån med 25 % og fleire lokale lag har nytta biblioteket til føredrag. Kinoen har auka talet på sjåarar med heile 79 % – glimrande! Det kjem fram at det har vore 306 arrangement, i hovudsak kommersielle aktørar og konferansar. Og det vart peika på at det er innan desse områda at utviklingspotensialet ligg.

Bibliotek

Foto: Microsoft

Men det er det lokale musikklivet som glimrar med sitt fråvær – noko som er særs uheldig! Årsaka? Jau, husleigeprisane sprengjer råmene for kva som er mogleg økonomisk. Når kulturhuset i tillegg ikkje kan skilta med sitt eige lydanlegg, blir det for kostbart. Venstre er uroa over denne utviklinga!

Venstre føreslå difor på MKU-møtet at utleigeprisane for lokale lag skulle gåast gjennom på nytt. Men ingen av dei andre politiske partia støtta dette framlegget! Og under budsjettforhandlingane i desember 2011 kom Venstre og KrF med framlegg om å løyve 500.000 til lydanlegg i tillegg til å ta opp eit lån på 1 mill. Dette vart også nedstemt av deu raudgrøne samarbeidspartia.

Generelt: Det er svært gledeleg at det første året for storstova teiknar bra! Men det må nemnast at det framleis manglar basalt utstyr som garderobestativ, gardiner og koppar. Fråvær av speglar i dansesalen er òg uheldig. Koppar og garderobestativ må på plass snarast råd – det er uhaldbart at ulike leigeaktørar må sitja med ytterjakka på fanget og drikke kaffi frå pappkrus!

Anne-Jorunn Ryum Møen,
Venstre – og nestleiar MKU

logo

Foto: meg

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**