I morgon blir det tryggare mellom Oslo og Sørlandet

I morgon åpnar den nye E18 mellom Langangen i Porsgrunn og Sky i Larvik, altså like på sørsida/vestsida av Larvik. 12-13 km med heilt ny veg, langt frå hus, langt frå dei farlege svingane ved Hallevannet, langt frå dyrka mark og særleg langt frå skolebarn, skriv Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det er grunn til å gratulere alle som bur mellom Porsgrunn og Larvik med eit tryggare liv. På same måte som E18 gjennom nordre Vestfold reduserte dødsulykkene frå over 20 på få år til berre to dei 8-10 åra vegen mellom Kopstadkrysset og Drammen har vore i bruk, har vi sett den same positive endringa mellom Grimstad og Kristiansand.
Parallelt med vegarbeidet blir det planlagt ny jernbane mellom Larvik og Porsgrunn, ein strekning det er nesten like raskt å sykle som å ta toget.
For alle oss som tar buss eller køyrer bil mellom sør og aust er det like stor grunn til glede som det er for dei som bur langs kvar del av E18 og E39 som blir flytta vekk frå skolevegane og gardsvegane, landbruket og tettstadane. Men eg skulle gjerne sett eit høgare tempo i utbygginga av både jernbane og veg.

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

Det svært kuperte terrenget mellom Langangen og Larvik er nesten, men berre nesten, like kupert som terrenget mellom Lillesand og Dyreparken. Det er faktisk enda fleire bruar og tunnelar mellom Grimstad og Dyreparken enn det er på den nyåpna vegen nå, trass i den flotte brua 60 meter over gamlevegen i den krappaste svingen ved Hallevannet. Da er det grunn til å spørre kvifor det var mogleg å bygge 1050 meter veg pr månad mellom Grimstad og Kristiansand og berre 330 meter veg pr månad i Telemark og Vestfold. Forklaringa ligg der: i sør valte regjeringa med samferdsleminister Torild Skogsholm frå Venstre å bygge vegen som eit OPS-prosjekt, eit samarbeid mellom offentlege og private. Den nyåpna vegen i dag er eit heilt vanleg vegvesenprosjekt, – og det gir altså tre gonger så lang byggetid på heilt samanliknbart prosjekt. Den rødgrå regjeringa vil ikkje ha samarbeidsprosjekt.
La oss få meir offentleg-privat samarbeid i bygging av jernbane og veg.
Og la oss glede oss over ei tryggare framtid for dei som bur langs den nye vegen, og for oss som brukar vegen ein gong i mellom. Også gjennom Vestfold er det mykje gravearbeid nå. Eg ser fram til den dagen gravemaskinene begynner på ei tryggare framtid mellom Tvedestrand og Arendal. Dei viktige vedtaka er gjort både i Tvedestrand kommunestyre og Arendal bystyre. Nå ventar vi berre på regjering og storting neste vår.

Jan Kløvstad
bystyremedlem for Venstre i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**