Sjøen som infrastruktur i kollektivtrafikken

Eit saumlaust transportsystem der båten kan konkurrera i tid, der publikum opplever overgangen mellom sjø og land som einkel og med eitt gjennomgåande billettsystem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det er styreleiar Helge Skaar i reiarlaget BNR som skisserer desse tre vilkåra for etablering av kommersielt vellukka båtsamband i Sotra-regionen. Skaar var henta inn til Venstreskulen for å belysa operatørane sine praktiske utfordringar dersom persontransport på sjø skal kunna få ein renessanse i ein region der store delar av både busetnad og næringsverksemd føregår i 100-metersbeltet.

Miljøsatsning
Miljøpartiet Venstre ønskjer eit sterkare fokus på kollektivtransport. I det folkerike Bergens-området kan vi ikkje lenger løysa persontransportutfordringane gjennom å byggja nye vegar.

Trass ideelle naturgjevne føresetningar og stolte sjøfartstradisjonar har pendlarrutene på sjøen måtte fortøya til kai til fordel for ein trend som byggjer opp under den veksande privatbilismen.

Etterlyser satsing på sjøtransport
– Bane har dei seinare åra fått eit offentleg løft. Bane vert i dag oppfatta som trendy, sa Skaar. Styreleiararen i BNR etterlyste ei tilsvarande satsing på sjøtransport i Hordaland som den Norge, og særleg Oslo-området, har opplevd når det gjeld bane siste tiåret.

Blanda erfaring
Reiarlaget BNR opererer i dag tre pendlarruter i regionen: Snarveien mellom Kleppestø og Bergen har blitt ein suksess, med over 300.000 årlege reisande, Hernarruta og ferjerute Klokkarvik — Hjellestad.

Kring årsskiftet gjorde selskapet eit forsøk med båtrute mellom Nordhordland og Bergen. Manglande samkjøring med Skyss-systemet gjorde tiltaket til eit kortvarig tapseksperiment, ifølgje Skaar.

Rutesambandet Bergen — Nordhordland inngår i kollektivpakkane som samferdselsavdelinga i Hordaland fylke no har ute på anbod.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**