Sigrunn Haaland er borte

Det var med sorg vi mottok bodskapen om at Sigrunn Haaland er død. Ho døde i heimen sin i Flekke 4. juli – nær 78 år gammal. Med henne er eit usedvanleg samfunnsengasjert menneske borte. Det viste ho ikkje minst gjennom sin mangeårige politiske innsats for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Sigrunn representerte Venstre i Fjaler kommunestyre i tre periodar på 70- og 80-talet. Ho var vara til formannskapet, sat som styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre — og møtte ved fleire høve som vararepresentant i fylkestinget. Og alt dette i ei tid då det ikkje var heilt vanleg at kvinner skulle stå i fremste rekke i det politiske arbeidet.
Sigrunn jobba grundig og ryddig, og hadde lett for å uttrykke seg både i skrift og tale. Ho var uredd og klart-talande, men utan på noko vis å ville framheve seg sjølv. Ho var Fjaler Venstre sin soleklare topp-kandidat ved fleire val, men det var typisk Sigrunn at ho konsekvent nekta å la seg kumulere øvst på lista. «Kven som skal sitte i kommunestyret, skal vi heilt og fullt overlate til veljarane å avgjere,» var hennar klare standpunkt.
Sigrunn var spesielt oppteken av sosialpolitikk og miljøpolitikk. Og ho ikkje berre forfekta synspunkta og haldningane sine, ho prøvde også etter beste evne sjølv å etterleve dei i kvardagen.
Sigrunn var eit samvitsfullt ja-menneske. Ho stilte alltid opp og tok på seg mange oppdrag. Samtidig kunne du vere trygg på at ho løyste oppgåvene på beste måte. Slik vann ho store respekt — ikkje berre i Venstre, men også i heile det politiske miljøet i Fjaler.
Siste åra måtte Sigrunn slite med sviktande helse. Men engasjementet var likevel på plass. Seinast ved haustens kommuneval stilte ho med glede opp og stod på Venstre-stand i Flekke.
Me vil minnast Sigrunn med vørdnad og takksemd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**