Venstres leiar til Gol 29. august 2012

Leiar i Venstre, stortingsrepresentant Trine Skei Grande, kjem til Gol 29. august. Saman med ordførar i Gol, Hallvor Lilleslett, skal ho ha skulebesøk på Gol vidaregåande skule og bedriftsbesøk på Nortura.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Trine Skei Grande vitjar Gol.

Trine Skei Grande vitjar Gol.
Foto: Caroline Roka

Skei Grande kjem til Gol både for å fortelje om Venstre sin politikk, men også for å lytte til kva utfordringar kommune-Noreg står oppe i, både når det gjeld næringsutvikling og samferdsel. Utfordringar i skule- og utdanningssektoren er også viktige tema.
Kommuneøkonomi og staten sine rammevilkår for kommunane vil vera tema for eit møte med Gol kommune.

Om kvelden er det ope møte med tema samferdsel på Gol kommunehus. I tillegg til Trine Skei Grande og ordførar Hallvor Lilleslett blir fylkesleiar, stortingskandidat Rebekka Borsch og gruppeleiar på fylkestinget Helge Stiksrud med.

-Det er viktig for oss som representerer den politiske leiinga i kommunane å ha tett og nær dialog med sentrale politikarar, seier ordførar Hallvor Lilleslett. Som regel er det vi som representerer kommunane som stadig må ta oss turar til meir sentrale strøk for å få viktige personar i tale. Vi tykkjer det difor er særs hyggeleg når Trine Skei Grande tek seg ein tur til Gol og Hallingdal. Vi ynskjer å kunne fortelje om dei utfordingane vi har både som kommune, lokalsamfunn og region. Skule, samferdsel og næringsutvikling blir difor viktige tema som vi tek opp med Skei Grande, avsluttar Hallvor Lilleslett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**