Venstre vil ha døgntilbod for Barne- og Ungdomspsykiatrien på Stord

Styringsgruppa nedsett av Helse Fonna som har arbeidd med strukturen i psykiatrien i HF har konkludert med at ein ynskjer å sentralisera Barne- og ungdomspsykiatrien til Haugesund. Dette er Hordaland Venstre usamd i.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre legg sterk vekt på det at eit samla fagmiljø meiner at tilbodet for barn og unge i HF vert best med å vidareutvikla dagens tilbod med døgnbehandling både i Haugesund og på Stord i staden for å redusera døgntilbodet i omfang frå 14 til 10 sengeplassar, og berre lokalisert til Haugesund. Dette gjer eit dårlegare tilbod enn dagens, og særleg for dei som i dag soknar til BUP Stord/Kvinnherad og som nyttar dei 4 sengeplassane på Stord.

Ungdom, psykiatri

Foto: Microsoft

Over fleire år har ein sett tendensane til at fleire og fleire av helsetilboda i helseføretaket vert flytta eller ynskja flytta til Haugesund. Dette er ein situasjon som over tid vert med på å byggja ned det gode helsetilbodet dei andre regionane har hatt. Venstre meiner det er beklageleg at Helse Fonna i høve barne- og ungdomspsykiatri, i motsetnad til Helse Bergen og Helse Stavanger, sentraliserar og byggjer ned tilbodet .

Planen for BUP Stord/Kvinnherad er at denne skal gå frå å vera døgnpost med 4 sengjeplassar til berre dagtilbod forsterkar sentraliseringstendensane. Venstre meiner denne endringa også vil skape eit meir urettferdig helsetilbod for ungdom. Vi fryktar at terskelen for born og unge som treng døgnbehandling vil bli høgare som følgje av monaleg auke i reisetida om planen vert gjennomført.

Venstre meiner at det også var kritikkverdig med ein høyringsfrist på berre 3 dagar slik det opphaveleg var lagt opp til. Det er godt at ein i etterkant utvida høyringsfristen til 1. oktober. Det vil gje eit betre avgjerdsgrunnlag, og ein meir open og demokratisk prosess. Dersom Helse Fonna sentraliserar døgntilbodet er Venstre også uroleg for at legitimiteten til helseføretaket blir redusert innafor det geografiske nedslagsfeltet til Helse Fonna.

Blomst

Foto: Aksel A. Henriksen

Uttale vedteke av Hordaland Venstre 20. august 2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**