Program for hausten 2012

Aktiv haust i Møre og Romsdal Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det ligg an til ein aktiv haust i Møre og Romsdal Venstre. Nominasjonsnemnda er no midt oppe i arbeidet med lista til Stortingsvalet neste år. Fylkesstyret skal samlast førstkomande onsdag der, mellom anna, framdrifta i dette arbeidet blir endeleg vedteke. Deretter skal nominasjonsnemnda legge fram si innstilling i midten av september, før nominasjonen finn stad ei tid etter dette. På programmet elles, står miljø-møte med Odd Einar Dørum den 15. september, landskonferanse i Oslo 20.-21. oktober og Venstreskulen 2 med samlingar i Ålesund, Molde og Kristiansund i november. Lokallaga har fått ein eigen epost om programmet for hausten. Invitasjonar og nærmare skildringar av innhald og møtestadar kjem på nettsidene og i epostar i tida framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**