Ein langsiktig kulturpolitikk

Voss med sitt aktive og rike kulturliv har i dag ikkje noko eigna konsertarena . Dette kjem fram i ei brukarundersøkjing i regi av Kulturhuset. Storsalen i kulturhuset har for dårlege lydforhold og sceneforhold til at Fossegrimen og Vossajazz kan nytta salen. Fraktgodsen står for fall og Gamlekinoen ligg brakk. Dette er uhaldbart !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Ved å satse på desse 3 arenaene vil ein imøtekomme og stimulere bygda sitt dynamiske kulturliv.
Den økonomiske stoda er dyster,desto viktigare er det å ha visjonar og eit langsiktig perspektiv i politikken.

Kultur

Foto: Luth

Framlegget om å rive Fraktgodsen til fordel for parkering står i sterk konflikt til kulturlivet sitt klart uttrykte behov for å opne opp Fraktgodsen som kulturarena igjen.
Fraktgodsen har vore eit egna hus som har romma eit kulturmangfold, og er truleg det eigentlege "Kulturhuset" i folk sitt medvit.

Ein bærekraftig kulturpolitikk må være lydhør for signal og ynksje frå dei kreative kreftene i bygda.
Me har no endeleg fått etablert eit kulturråd som vert eit viktig talerøyr for kulturlivet inn til politikarane og kommunen, og som dannar eit viktig grunnlag for profilering av kulturpolitikken.
Voss manglar ein overordna kulturplan.Venstre har gjennom dei siste åra fremja forslag om å utarbeide ein kulturplan utan å få gjennomslag.

Ein kulturplan må romme visjonar,mål og profilering av politikken . Kultur og næringsutvikling bør klinge saman og kultursektoren må ha ei viktigare rolle for å fremme regional utvikling og verdiskapning. Voss har eit stort potensiale for å få dette til, med sine festivalar, arrangement, dugnadsånd og grunderånd og ikkje minst ein storslått natur og tradisjonar tufta på bondesamfunnet.

Anne-Jorunn Ryum Møen. Nestleiar MKU, Venstre

Voss Kulturhus

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**