– Vi må ta vare på mest mogleg av Strømsbu sag

– Vi må ta vare på mest mogleg av Strømsbu sag, sa Venstres Pål Koren Pedersen og stilte seg bak fellesforslaget frå SV, Senterpartiet og Venstre om å gå inn i mekling hos Fylkesmannen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


med sikte på å kunne arbeide seg fram til ei løysing mest mogleg i tråd med motsegna frå Riksantikvaren. Einar Krafft Myhren i SV fremma saka og argumenterte sterkt for å ta vare på mest mogleg av bygget, i samsvar med motsegn fra Riksantikvaren.

Rådmannen hadde innstilt på å rive saga, i tråd med tidlegare fleirtalsvedtak i bystyret. Men Riksantikvaren har reist motsegn.

Posisjonen ville ha med riving av bygget i vedtaket, men jenka seg til å erstatte “rive” med “omdanen”, men likevel ha neste setning med “gjenoppføre”. SV, Venstre og Senterpartiet ville ha “omdanning” i staden for riving og å etablere i staden for å gjenoppføre. Slik vil dei tre partia åpne for å ta vare på mest mogleg av det historisk verdfulle bygget.

FrP ville rive alt, men fekk berre eigne stemmer.
Fellesforslaget formulert av Einar Krafft Myhren fekk dei sju stemmene frå SV, Senterpartiet og Venstre, mens Peder Syrdalens forslag på vegner av fleirtalet også fekk stemmene frå Arbeidarpartiet og Pensjonistpartiet og blei vedtatt med 32 mot sju stemmer.

Venstre håpar nå at meklinga vil føre til eit resultat mest mogleg i tråd med motsegna frå Riksantikvaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**