Uaktuelt med så dårleg naudnett!

Sogn og Fjordane Venstre er klare på at det er uaktuelt med ein så dårleg dekningsgrad på naudnettet som det no vert lagt opp til. Kravet på 80% er for lågt i utgangspunktet, når vi veit at det reelt sett vil bli dårlegare dekningsgrad mange stadar i fylket vårt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Marit Barsnses Krogsæter

Marit Barsnses Krogsæter

– Enno verre blir det når Direktoratet har senka kravet ned til 70%. Berekningar viser at enkelte stader i fylket vårt vil ein få ei dekningsgrad på ned mot 57%, som er det dårlegaste i landet. Vi fryktar at dette kan gå ut over liv og helse, seier ein uroleg Venstre-leiar i Sogn og Fjordane, Marit Barsnes Krogsæter.

– I Sogn og Fjordane, og store deler av landet, har vi ein særs krevjande topografi. Det er ikkje berre å ta seg nokre hundre meter over eit jorde for å få dekning. Vi snakkar om fjelltoppar og bruk av båt i krevjande vær, held Krogsæter fram. Alvoret fekk vi demonstrert under Dagmar der folk køyrde og sprang kilometervis med mobiltelefonar og andre remediar for å få kontakt med omverda!

Sogn og Fjordane Venstre krev at Faremo og regjeringa må gå minst ei runde til med leverandøren for å få ei dekningsgrad i tråd med Stortinget sin vilje!

– Leiar Sogn og Fjordane Venstre:
Marit Barsnes Krogsæter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**