Driftsstyret på Ruseløkka skole 11.9.12

Økonomi, inneklima og trygg skolevei var temaer på Ruseløkka skoles driftsstyremøte 11.9.12; her er oppsummering ført i pennen av Tore Wilken Nitter Walaker (V):

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Ruseløkka skoles driftsstyre hadde møte tirsdag 11. september.

Skulens økonomi vart gjennomgått gjennom månedsrapport økonomi. Det viser seg at skulen er i ferd med å hente inn ein langvarig underbalanse. Årsaka til dette er delvis innskrenkningar i delte klassar og små kutt over heile linja, som til innkjøp av bøker til bibliotek og til materiell. Det har vore spart på alle hold i dei siste åra. No aukar elevtalet på Ruseløkka (slik som på alle skular i heile byen) og det medfører noko auka inntekter då skulen får overføringar pr elev (elevteljingar den 1. oktober kvart år som gir grunnlag for dette). Dette skuleåret har elevmassen auka med 28; 21 på ungdomstrinnet og 7 på barnetrinnet. Det er no fullt og ventelister for både 3. trinn (som berre har ei klasse), på 8. og 10. trinn (tre klassar i begge desse).

Venstre tok opp inneklimaet på Ruseløkka på driftsstyremøtet. Brennpunkts (NRK) program om kvalitet på inneklima i fleire skular i Norge var grunnen til at det kom opp. Venstre viste til at Oslo kommune som skuleeigar har fått tre pålegg frå Arbeidstilsynet, i følgje Brennpunkt. Eitt av desse går på kartlegging av inneklima. Rektor viste til at skulen vart kontrollert i henhold til Forskrift om miljøretta helsevern, og fekk bydelsoverlegens godkjenning. Om Oslo kommune ved Undervisningsbygg vil følgje opp Arbeidstilsynets pålegg om kartlegging av inneklima, blir dermed opp til skuleeigar. Driftsstyrets medlemmer slo seg til ro med at det er ein tilfredsstillande situasjon, men Venstre kan komme til å ta saka opp igjen dersom nye opplysningar kjem fram. Vi vil også forsøke å få Undervisningsbygg til å faktisk gjennomføre ei undersøking av inneklimaet, slik Arbeidstilsynet har pålagt kommunen.

Venstre tok også opp spørsmålet om sykling til skulen som hadde vore mykje oppe i media ved skulestart: Trafikkprøven tas i 5. klasse, og rektor opplyste om at skulen anbefalar at elevar ikkje syklar aleine til skulen før dei har tatt den. Men kva elevar og foreldre gjer saman på veg til skulen, kan og vil ikkje skulen legge seg opp i. Venstre tykkjer det er ei riktig haldning skulen viser her. Det skal ikkje vere mulig å pålegge foreldre og barn handlingsmønster utanom skuletid. Korleis familiar veljer å dra til skulen, må vere opp til dei. Venstre oppmodar flest mulig til å la bilen stå og bruke beina på veg til skulen. Dersom barn kan sykle, saman med foreldre, er det veldig fint om dei gjer det allereie frå 1. klasse. Skulen har ein omfattande biltrafikk rundt seg og alle må bidra til at det ikkje blir fleire bilar enn absolutt nødvendig i hente- og leveringssituasjonar. Dei som har bil, bør parkere litt unna skulen. Utanfor Ingeniørenes Hus (“Eksportfinans”) er det alltid god plass og lov til å stå i ti minuttar (skilt med ein raud strek over). Ellers er det mulig å henvende seg til ekspedisjonen på skulen som skal ha ei ordning med lappar som parkeringsvaktene skal godta dersom ein står ulovleg lenge på ein slik parkering forbode plass.

Neste møte tirsdag 16. oktober.

Tore Wilken Nitter Walaker (V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**