Venstremannen Lars Liestøl

I år er det 100 år sidan stortingsmannen og lokalpolitikaren Lars Liestøl døydde — bondesonen frå Åseral som seinare gjorde byglending av seg, og som har etterlate seg eit ruvande ettermæle både lokalt og nasjonalt. Då eg dessverre ikkje har høve til å delta på markeringa som Bygland kommune saman med Setesdalsmuseet komande helg arrangerer, sender eg dykk ei varm helsing gjennom lokalavisa “Setesdølen”, skriv Venstreleiar Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Venstreleiar Trine Skei Grande, her saman med kommunestyremedlem Torhild Austad under Venstres landsmøte i år.

Venstreleiar Trine Skei Grande, her saman med kommunestyremedlem Torhild Austad under Venstres landsmøte i år.
Foto: Jan Kløvstad

Eg ser at lokalavisa og det oppsette programmet grundig tek føre seg det meste av biografiske data, så lat dette i hovudsak vere ein hyllest til mennesket og politikaren Lars Liestøl, bygt på dei historiske kjeldene eg har hatt tilgjengelege.

Liestøl hadde eit langt politisk liv, heile tida som venstremann. Han kom til Bygland som lensmann i 1867, eit arbeid han hadde til 1891. Han kjøpte gard og slo seg ned på Frøysnes saman med kona Laura Sabro – som hadde kome til Bygland som guvernante – og etter kvart 6 born.
Alt i 1871 blei han vald inn i herredstyret i Bygland, der han sat i 36 år — 12 år som ordførar. Han hadde gjennom desse åra ei mengd lokale verv. I 22 år var han med i skulestyret, 16 år som formann. Han var òg medlem i amtskulestyret i 6 år. I heile 39 år var han forlikskommisær. I to periodar var han forstandar for Bygland Sparebank og revisor i mange år. Ei tid var han endåtil postopnar.
I 1874 blei han vald inn på Stortinget. Der sat han til 1888 då han gjekk inn i Johan Sverdrups regjering som statsråd. Han var både i Revisjonsdepartementet, Kunnskapsdepartementet????? og Indredepartementet og sidan ei tid i statsrådsavdelinga i Stockholm. Han treivst ikkje i Regjeringa og søkte avskil alt etter eitt år — noko som tyder på at han var ingen byråkrat. Så lite interessert var han i desse oppgåvene at han ikkje eingong brydde med å kjøpe seg statsrådsuniform, noko som var vanleg på den tida. Då Venstre vann valet i 1897, kom han på nytt inn på tinget. Frå 1906 — 12 var han Odelstingspresident, og i mange år var han medlem av justiskomiteen.
Han blei igjen vald inn på Stortinget for perioden 1913 — 15, men døydde i 1912 før han fekk ta fatt på den 10. perioden sin!

Lars Liestøl 1839-1912

Foto: Lånt av Setesdalsmuseet

Lars Liestøl var ein respektert politikar som naut stor tillit både i og utanfor sitt eige parti. Kva var det som gjorde denne mannen til slik ein heilstøypt person med så stor integritet?
Kanskje var det barndomsåra i Åseral som la grunnlaget for dei holdningane og det verdisettet han bar med seg vidare i livet.
Av formell opplæring hadde han berre nokre få år med omgangsskule, men alt som liten viste han stor kunnskapshunger. Han lærde seg etter kvart fleire språk og skaffa seg på eiga hand mykje kunnskap både om jus og historie.
Sjølv har han mykje å seie om tida som gjetargut i Åseral og meiner at det låg mykje god lærdom i hjuringbakken. Der nytta han m.a. tida til å lese og skrive med blåbærsaft på never. Han skar inn namn og årstal i bork og på buvegger.
Lykkeleg var han den dagen han fekk tak i si eiga grammatikkbok.
Han seier òg at hjuringlivet lærde han mykje om livet. Han fekk kjærleik til naturen og lærde medkjensle saman med dyra — "- det skal eit godt hjartelag til å vere ein god hjuring." Han lærde å ta seg fram på eiga hand, fekk tid til å tenkje og til å drøyme — "- usæl er den ungdomen som ottast for å vere saman med seg sjølv."
"Hjuringbakken er den beste skulen for evnerike smågutar," seier Jørgen Løvland i sin omtale av han.
Liestøl var glad i å prate med folk, og han var genuint opptatt av andre menneske.
Han var morosam, lettliva og hadde ofte ein treffande replikk på lur. Ikkje minst meistra han stevkunsten, kunne spele fele og var flink til å fortelje. Dessutan var han ein god teiknar, og karikaturteikningane hans kunne i blant kalle fram smilet i sjølvaste Stortingssalen. Endåtil kong Oscar bad ein gong om å bli karikert av han. "Nei,so langt hev eg inkje rukke, at eg kan teikna kongar," svara Liestøl på sitt naturlege dalemål.
Aller mest avgjerande for hans gode omdøme og ettermæle var kanskje det grunnleggjande menneskesynet hans. Lars Liestøl trudde på det gode i mennesket , og at det ville gjere det rette om det bare fekk kunnskap. Han hadde ei grunnfesta tru på at retten og det gode skulle vinne fram til slutt. "Berre ein ser djupt nok i mennesket, finn ein noko godt", sa han.
Ordet kunnskap blei ståande som ei rettesnor i livet hans, og her stig målmannen Lars Liestøl fram. Det er vanskeleg å skilje målmannen frå politikaren, for det eine grip inn i det andre. Retten til kunnskap på sitt eige mål — og kunne gje uttrykk for det ein meiner og tenkjer på sitt eige språk, såg Liestøl på som ein grunnleggjande demokratisk rett, og det var han tidleg klar til å kjempe for. Av eiga erfaring visste han kor vanskeleg det var å arbeide seg fram til opplysning gjennom eit framandt mål. I eit brev til far sin skreiv han i 1865:
"Eg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fordi Tankarne
verde so innesnørde som ei turka Næver."
Alt frå slutten av 1870 åra argumenterte han i mange stortingsdebattar for at landsmålet skulle få betre kår i skrift og tale, og saman med Jørgen Løvland var han ein av initiativtakarane til jamstillingsvedtaket i 1885 der landsmålet blei sidestilt med bokmålet. Arne Garborg, som var ein god ven av Liestøl, hadde nok også ein finger med i spelet ved at det var han som førde forslaget i pennen. Alt i 1886 skreiv Liestøl første komitèinnstillinga si på landsmål.
Også lokalt kjempa han same kampen. Det førde til at Bygland som første kommune i landet, saman med Modalen i Hordaland, innførde landsmål som skriftspråk i skulen i 1890. "Dette har betydd meir for folkeopplysninga i Bygland enn mange kjem i hug – folket vaks både i dug og sjølvvyrdnad," seier Magnus Breilid ( redaktør av "Agder i segn og soge" — 1968 )
For Liestøl var det ei samvitssak at andre skulle få same rett og rom til kunnskap som han sjølv. Eit døme på det er "lovskulen" han dreiv i dei periodane han ikkje var på tinget. Då fôr han rundt i bygdene og lærde folk om lover og reglar i samfunnet — og korleis dei skulle setje opp ulike typer dokument.
Lars Liestøl var sterkt medverkande til at Setesdalsbanen blei ein realitet i 1897.
Elles var han ikkje ein utprega "bygdepolitikar" – han kan kanskje meir samanliknast med ein forkjempar for demokratiske rettar — for alle. Han var glødande oppteken av rettferd og leid med dei fattige, særleg fattige byungar med fabrikkarbeidande foreldre hadde han stor omsut for. Av den grunn støtta han opp om demonstrasjonane for normal arbeidsdag og betre løn. "Det er god bondepolitikk å støtte fattige arbeidarar," sa han — og heldt fram "- dette må nedfellast i lov slik at ein havgjerug millionær ikkje kan fara med folk som han vil."

Lars Liestøl opplevde å få mange utmerkingar endå medan han levde. I 1889 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs orden "for fortjenstfuld Embedsvirksomhet". På 70 års dagen sin fekk han m.a. denne helsinga:
"Mottag Dronningens og min bedste ønske i anledning af dagen. Haakon R."
Då Liestøl var død, skreiv Jørgen Løvland: "No han hev døytt er det plent som eit stykkje av dalen og dermed eit stykkje av Norig hev kome burt." Løvland heldt også ein varm og livfull tale då bysta av Lars Liestøl blei avduka på Bygland kyrkjegard i 1920.

Vi har ein stor arv å føre vidare ..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**