Ung Vatsbu høgt på Venstre si stortingslista

I nominasjonskomiteen sitt forslag til stortingsvalliste er Vebjørn Vik Vestly (17) frå Vats føreslått på sjuandeplass på lista for Venstre. Vestly er relativt ny i Venstre, men han har raskt utmerka seg i ungdomspartiet. Han har allereie vore lokallagsleiar i Haugaland Unge Venstre og har vært med i fylkesstyret til Unge Venstre eit år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Vebjørn Vik Vestly

Vebjørn Vik Vestly
Foto: Privat

— Vebjørn er ein spennande kandidat. Han er engasjert og dyktig, og han har eit ungt pågangsmot. Han vil han vera ein god kandidat til Venstre si stortingsliste, seier May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen.

Vebjørn går i andreklasse på studiespesialiserande med musikk på Skeisvang vidaregåande. Han er klar for å bidra sterkt i valkampen for at Norge skal få ei ny borgarleg regjering. — Dagens Raud-grøne regjering manglar visjonar for miljøet og klimaendringane, og dei manglar evne til å prioritere det viktigaste i skolen, nemleg læraren, seier han.

— Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Det blir spanande å få vera med på denne viktige politiske arenaen, seier Vestly.

Iselin Nybø frå Stavanger er føreslått som fyrstekandidat på lista. Ho sit i sentralstyret til Venstre. Ho arbeidar som advokatfullmektig.

Venstre er eit liberalt sentrumsparti som vil arbeida for eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom til å skapa sin eigen veg til det gode liv, og der me tar ansvar for kvarandre og for miljøet.

Se heile den føreslåtte lista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**