Helse Fonna går for sentralisering allikavel

I Juni i år gjekk Geir Angeltveit ut mot Helse Fonnas planar om å sentralisera Barne- og Ungdomspsykiatrien i Helse Fonna til Haugesund. Noko dei prøvde å haste gjennom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– I Juni i år gjekk Geir Angeltveit ut mot Helse Fonnas planar om å sentralisera Barne- og ungdomspsykiatrien i helseforetaket, til Haugesund.

 Trykk på biletet for større versjon.

Trykk på biletet for større versjon.
Foto: Faksimile Bladet Sunnhordland

Torsdag 1. November vart planen på ny eit aktuelt tema. Etter at ein fekk utsatt høyringsfristen frå 3 dagar til 4 månader, over sumaren. Så har samtlege kommunar, samt samarbeidsrådet fått kome med si tilbakemelding til helseforetaket. Samtlege tilbakemeldingar til helseforetaket; Haugesund, Stord, Samarbeidsrådet, Stord, Fitjar osb er negative til styrets ynskjer om å sentralisera BUP-verksemda til Haugesund.

– Trykk på biletet for større utgåve –

I dei nye sakspapira frå Helse Fonna kan ein sjå at det er kome inn nokre endringsforslag, men desse er kosmetiske og endrar ikkje realiteten i vedtaket. (På dette spesifikke området, det er mange større endringar i planen overordna, men ang. BUP er det i realiteten ingen endringsforslag som forandrar realiteten i vedtaket frå tidlegare.) Det visar seg dermed at styret ikkje har tatt høyringane til vidare ettersyn. Og demonstrerar på ny arrogansen som har vore alt for openbar, alt for lenge.

Dette er ikkje sjokkerande, det visar det ein har sett lenge. Styret i Helse Fonna tar ikkje omsyn til heile regionens pasientar.

Helse Fonna sviktar ungdom i Sunnhordland og Hardanger. Enkelt og greitt. Å utelukkande berre ha dagtilbod på Stord vil berre hjelpa dei som bur i dei næraste kommunane, pga uforbeholden lang reisetid. Ambulante tenester kan ikkje erstatte døgntilbod.

Det er bra at dei ynskjer å styrka den polikliniske behandlinga ved BUP Stord/Kvinnherad. Men det er framleis eit kraftig feilsteg å leggja ned all døgndrift utanfor Haugesund. Det er ikkje noko ein gjer i Helse Bergen, ei heller Helse Stavanger,

Me i Venstre meinar framleis at Helse Fonna bør opphøyra å eksistera. Me ynskjer å samla helsetilbodet i Hordaland under eitt, eit Helse Hordaland. Voss sjukehus og “distrikta” i Helse Bergen opplev ikkje den same behandlinga frå Bergensdominansen som det Sunnhordland og Hardanger gjer

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit

Kommunestyrerepresentant og sekretær,
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**